Arkitekt, Prosjektleder i Hordaland

Oppdrag formidlet via Anbudstorget

665 Siste år
130 Siste 3 mnd
50 Aktive nå

Uforpliktende pristilbud?

Leverandører fra ditt nærområde svarer deg raskt.
Registrer en gratis forespørsel på 2 minutter.

Anbodskonkurranse på reguleringsplan for området straumbrua småbåthamna på tolo i norheimsund

Registrert Dato: Tirsdag 08. Desember 2009

Kvam herad har sett på strekkja mellom Straumbrua og Tolo småbåthamn i Norheimsund, som eit av dei mest attraktive og framtidsretta område for bustadutvikling i Kvam. Området vart difor tatt inn som framtidig bustadområde i kommuneplanen sin arealdel i 2006.
Det vart i 2007 gjennomført mulighetsstudie av området, av tre ulike arkitektfirma. Prosjekta viser spennande moglegheiter med inntil 400 bueiningar. Studiane viser moglegheiter både for utbygging, men også for å ta vare på deler av eksisterande miljø, slik dei framstår i dag.
Studiane som vart gjennomført i 2007, skal fungere som idéskisser og grunnlag for det vidare arbeid med reguleringsplan.
Kommunen sin intensjon er at området skal framstå som eit gjennomtenkt og heilskapleg bustadområde, Kvam herad skal difor ta ansvaret med å planleggja heile strekkja. Området som skal regulerast er vist på flyfoto nedanfor.
Føremålet er at området skal kunna byggjast ut etappevis og at fleire delprosjekt kan gjennomførast, som ein del av det heilskaplege bustadområde, mellom Straumbrua og småbåthamna på Tolo.
Strekkja mellom Straumbrua og Tolo småbåthamn er i dag ei blanding av bustadhus, butikkar, naust og småbåthamn. Området er avgrensa på ei strekkje mellom Rv 7 og strandlina, på det beiaste opp i mot 100 meter
Pr i dag er strekkja delt opp i 65 ulike gards- og bruksnummer, med om lag 55 ulike eigarar. Denne strukturen utfordrar prosjektet i høve til medverknad og juridiske spørsmål, samstundes som det er relativt stor skilnad i ynskje om utbygging og det å ta vare på eigedommane slik dei framstår i dag.

AVSLUTTET
Er du interessert i lignende oppdrag?Kontakt oppdragsgivere

Arkitekt, Prosjektleder

Arkitektfirma, Delprosjekt, Naust, Utbygging

Norheimsund, Hordaland

Avsluttet: Mandag 08. Februar 2010