Entreprenør, Snekker i Hordaland

Oppdrag formidlet via Anbudstorget

1615 Siste år
346 Siste 3 mnd
83 Aktive nå

Uforpliktende pristilbud?

Leverandører fra ditt nærområde svarer deg raskt.
Registrer en gratis forespørsel på 2 minutter.

Bygging av carport

Registrert Dato: Fredag 23. Januar 2009

Carport

Før dette prosjektet går gjennom
byråkratiet ved søknad om byggeløyve hjå
kommunen, er byggherren, interessert i å
sjå på kostnader ved eit slikt prosjekt.

Vedlagt den samme e-posten som dette
brev var tiltenkt, skal det føreliggja
teikningar av eit forslag til nytt vognly.
Prosjektet er framleis ved skissestadiet,
då det endelege resultatet avhenger av
pristilbod frå interesserte entreprenører.
Det skisserte prosjektet synar storleik,
omfang og førebels design, men den
endelege handsaminga avhenger av kva
tilbod som kjem inn, og vil vere resultat av
eit samarbeid med entreprenør.
I fyrste omgong ber byggherre om tilbod
på totalenreprise, der løysing med stål og
glass er høgast prioritert. Om
tilbodsgjevande entreprenør kan løyse
prosjektet billegare eller betre ved ein
alternativ løysing, så ber me om at dette kjem fram i tilbodet.

Utgongspunkt for tilbod ved proritert løysing inneheld:

- Betongfundament med betongsøyler for
vertikal bør
- Overbygg av H-profiler i aluminium eller anna stål (HEB200)
- Innsetting av glass mellom konstruksjonsprofilane
- Betongfeste mot fjellvegg

Dei alternative løysingane kan vere å nytte
ei trekonstruksjon til overbygget, eller nytte
bølgjeblikk som takmateriale. Om ein
entreprenør ikkje kan stå for heilskapen,
kan det vere aktuelt å dele opp prosjektet i fleire mindre entrepriser. Alt etter
materiale og konstruksjon. Om dykkar
foretak ikkje kan gje tilbod på einskilde deler av prosjektet, vil me gjerne ha tilbod
på delprosjekt, som til dømes fundament,
eller overbygg.

AVSLUTTET
Er du interessert i lignende oppdrag?Kontakt oppdragsgivere