Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Arkitekt i Rogaland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Rogaland
Avsluttet

Detaljplan for gang- og sykkelveg Håkull -Trovåg

Utarbeiding av detaljregulering for gang- og sykkelveg.
Frå håkull til Trovåg i Skjold (frå Isvik mot Vikebygd)
Gang- og sykkelveg er tenkt plassert på høgre side frå håkull og gå over på venstre side eit stykke etter krysset til Toranes. Strekningen er på ca 1200 meter.
Anlegget skal byggjast med overskotsmassar frå byggjeprosjektet på e 134 og planarbeidet får dermed ein stram framdriftsplan.
Det skal etablerast gode løysingar for syklande og gåande etter gjeldande standardar.
Oppstart av reguleringsarbeid vår 2013. Plan til 1. Gangshandsaming høst 2013. Legg opp til godkjent reguleringsplan ved årskiftet 2013/2014. Kostnadsoverslag skal utarbeidast med metoden "Anslag med nøyaktighet innen 10%". Tverrfaglegheit skal ivaretakast i planlegginga. Kostnadsramma for planlegginga skal overhaldast. Evt fråvik frå vegnormalane skal foreleggas regional fraviksnemd og vere godkjent før planen leggast ut til offentleg ettersyn.
Planen skal presenterast med følgande:
1. Planskildring som m. a. Skal vurdere trafikkanalysar, trafikksituasjon, trafikktryggleik, vegstandard, kryss/avkøyringar, dimensjonering og frisikt, byggegrenser, mjuke trafikantar, kryssingspunkt, trong for haldeplass for buss, universell utforming, støy, rekkefølgekrav og trong for fråvik. Lista er ikkje uttømmande.
2. Plankart på sosi-fil
3. føresegner
4. ros-analyse, inkl vurdering av behov for grunnundersøkingar
5. Kapasitetsutrekningar
6. Plan- og profilteikningar
7. Lengde- og normalprofilar
8. Støyutrekningar og støykart
9. Mengdeutrekningar/anslag i høve til handbok 217
10. Overbygning
11. Naudsynte snitt-teikningar
12. Illustrasjonar
13. Generelle konstruksjonsteikningar
Vindafjord kommune er oppdragsgjevar for prosjektet. Planarbeidet skal skje i nært samarbeid med kommunen og vegvesenet. Ein føresett at det i planleggingsfasen blir samrådsmøte mellom konsulenten, kommunen og vegvesenet, og møter skal inngå i pristilbodet.
Anbud id:
239494
  • Sted:
    Vindafjord
  • Registrert:
    Torsdag 7. Mars 2013