Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Transport i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Ekstraordinær bussproduksjon ved trafikkregulerende tiltak i bergen

Vinteren 2010 opplevde Bergen særlege vêrtilhøve som førde med seg at luftforureininga la seg som eit lokk over bykjerna. Verdien av nitrogendioksid vart fleire dagar langt høgare enn EUs akseptable grenseverdiar. Tilhøva vart etter kvart så kritiske at Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune satt i verk ulike strakstiltak for å redusera biltrafikken i Bergen. Eit av tiltaka som vart satt i gang var etablering av ekspressbussar til og frå dei store bussterminalane i bydelane og sentrum i rushtida.
Hordaland fylkeskommune ønskjer å vere førebudd på at Bergen opplever tilsvarande dårleg luftkvalitet kommande vinter 2011. Skyss vil derfor inngå avtaler om ekstraordinær bussproduksjon ved trafikkregulerende tiltak i Bergen.
Dersom det vert gjort vedtak om å sette i verk slike tiltak vil bussproduksjonen innebære ekspressbussrutar i rushtid frå utvalde bussterminaler i bydelane og inn til Bergen sentrum.
Skyss vil dele Bergensområdet inn i tre ruteområder. Tilbydararar kan velje å levere tilbod på ein eller fleire av desse ruteområda. Tilboda mottatt for kvart av ruteområda vil bli vurdert kva for seg. Det vil derfor vere aktuelt å inngå avtale med inntil 3 operatørar.
Det lar seg ikkje gjere å fastsette omfanget av ein slik avtale då det er ukjent om slike tiltak vil bli aktuelle kommande vinter og eventuelt kva varigheit tiltaka vil ha. Til orientering vart slike tiltak gjort gjeldande i veke 2 og 3, og i vekene 5-8 (tidsrommet 12. 01. 10-26. 02. 10) i 2010. Tiltaket med ekspressbussproduksjon kosta om lag 3 mill kroner.
Kontrakten for oppdraget vil gjelde frå kontraktsignering og ut 2011. Skyss skal ha opsjon til å forlenge avtalen med 1 år for året 2012.
Anbud id:
125427
  • Sted:
    Bergen
  • Registrert:
    Mandag 22. November 2010
Er du interessert i dette oppdraget?

Lignende oppdrag i Vestland

6 anbud