Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Etablering og drift av breibandnett med leveranse av innhaldstenester i området Rise – Mindresunde i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Etablering og drift av breibandnett med leveranse av innhaldstenester i området Rise – Mindresunde

Konkurransen gjeld ein tenestekonsesjon, der oppdragsgjevar ikkje kjøpar teneste frå leverandør, men yter eit tilskot til utbygging av breibandsnett. Leverandør har den fulle økonomiske risiko for kostnader ved utbygging av nettet, kundegrunnlag/inntekt, samt kostnader ved å drifte nettet. Leverandør får ikkje einerett på leveranse i aktuelle området sjølv om ein nyttar tenestekonsesjon som konkurranseform. Stryn kommune vil bygge ut og legge til rette for at private og næringsverksemder i området Rise - Mindresunde skal kunne knytte seg til eit kraftfullt og framtidsretta breibandnett, eit sokalla «next generation access network» (nga). Ei breibandutbygging med offentleg tilskot skal løfte utbyggingsområde opp ein kapasitetsklasse. Ein kan med andre ord ikkje gi tilskot til ei utbygging med ny teknologi innan same kapasitetsklasse. Dekningskart viser at det i området Rise - Mindresunde er ein del abbonnentar som har 4Mb/s og ingen som har 30 Mb/s. Kommunen stiller derfor eit krav om at tilbydd løysing har ein kapasitet på minimum 30 Mbit/s. Det skal ikkje vere binding til kjøp av innhaldstenester utover generell internett-tilgang.
Anbud id:
369585
  • Sted:
    Stryn
  • Registrert:
    Onsdag 29. Juli 2015
Er du interessert i dette oppdraget?

Lignende oppdrag i Vestland

1 anbud