Elektriker i Sogn og fjordane

Oppdrag formidlet via Anbudstorget

204 Siste år
42 Siste 3 mnd
17 Aktive nå

Uforpliktende pristilbud?

Leverandører fra ditt nærområde svarer deg raskt.
Registrer en gratis forespørsel på 2 minutter.

Felles datakommunikasjonsløysning for nordfjord

Registrert Dato: Onsdag 01. Juli 2009

Kommunenett Nordfjord er eit IKT-samarbeid mellom dei sju kommunane Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy. Frå 2009 vil også Stranda kommune delta i samarbeidet. Kommunenett Nordfjord er eit stort og omfattande offentleg nett med rundt 1000 PC-brukarar i administrasjon, oppvekst og helse- og omsorgstenesta. Vidare er ca 40 grunnskular og 33 barnehagar med til saman ca. 4.700 elevar og ca 2000 PC-ar tilknytt nettet. Kommunane er per no knytt saman i eit leigd fibernett, der vi eig elektronikken i nettet.
Dei sju Nordfjordkommunane skal no vidareføre ei felles løysing for breibandskommunikasjon. Løysinga skal byggjast på prinsippa i eksisterande sambandsløysing, der kvar kommune er sjølvstendige einingar med kvar sine logiske IP-domener med felles toppdomene for høvesvis administrasjon og undervisning. I løysinga skal dei sjølvstendige logiske domena kunne kommunisere med kvarandre utan å ?opne? brannveggane. Dette føreset felles IP-adressestruktur som er etablert. Tilbydar har ansvar for å tilpasse seg denne løysinga.
Kommunikasjons¬løysinga må ivareta dagens oppgåver med tilkopling mot Skatteetaten, Norsk Helsenett, NAV, betalingsformidling og øvrige online-system. I tillegg skal løysinga ivareta intern breibands datakommunikasjon mellom dei 7 kommunane som kan nyttast til å drifte felles IKT-løysingar. Det er elles opp til tilbydar å skildre ei trygg løysing i tråd med Datatilsynet sine retningsliner for trygg design.
Kommunane gjer spesielt merksam på at vi parallelt med denne konkurransen også har kunngjort ein konkurranse på kjøp av fibernett mellom kommunane, jf kunngjering i DOFFIN. Bakgrunnen for dette er at Kommunenett Nordfjord for kvar lokasjon, jf pkt 5.1, vil vurdere kva som er økonomisk mest fordelaktig for oppdragsgjevar (kjøp eller leige). Det vert difor teke atterhald om oppdragsgjevar på grunnlag av innkomne tilbod i sistnemnde konkurranse vel å leggje fiberkabel for alle eller nokre lokasjonar. Den føreliggjande konkurransen kan difor bli i sin heilskap eller delvis avlyst i medhald av FOA § 13-1 med grunnlag i resultatet av den samla vurderinga i dei to konkurransane.

AVSLUTTET
Er du interessert i lignende oppdrag?Kontakt oppdragsgivere

Elektriker

Design, Teke, Tilkopling

Skatestraumen, Sogn og fjordane

Avsluttet: Onsdag 09. September 2009