Prosjektleder i Hordaland

Oppdrag formidlet via Anbudstorget

344 Siste år
70 Siste 3 mnd
24 Aktive nå

Uforpliktende pristilbud?

Leverandører fra ditt nærområde svarer deg raskt.
Registrer en gratis forespørsel på 2 minutter.

HFK-13-0030 Oppdatering av nøkkeltal for utvalde næringar

Registrert Dato: Tirsdag 19. Mars 2013

Føremålet med anskaffinga er å få oppdatert eksisterande nøkkeltal for utvalde næringar med nye årgangar etterkvart som dei er tilgjengelege over ein treårsperiode.
Business Region Bergen (BRB) har fått utarbeidd eit datasett med nøkkeltal for følgjande næringar i Hordaland: 1) Maritim, 2) Marin, 3) Energi, 4) Media og kulturbasert næringsliv og 5) Opplevelse, kultur og reiseliv.
I tillegg har Vestlandsrådet fått utarbeidd eit tilsvarande datasett med nøkkeltal for den maritime næringa på Vestlandet. Den maritime næringa omfattar i denne samanhengen:
1) Den maritime klynga, inkl. den maritime delen av petroleumsnæringa og
2) Den marine klynga
Alle data er registrert på føretaksnivå og kan aggregerast til kommunenivå, regionnivå og fylkesnivå.
Som samanlikningsgrunnlag er det også berekna nøkkeltal for heile Noreg, men basert på ein enklare metodikk.
Det er utarbeidd nøkkeltal for åra 2008, 2009 og 2010.
Business Region Bergen og Vestlandsrådet ønskjer no å gå samen om å få desse nøkkeltala oppdatert årleg over ein treårsperiode, så snart nye årgangar er tilgjengeleg, under føresetnad av at det vert løyvd midlar til dette.
Same metodikk som blei nytta ved utarbeding av eksisterande nøkkeltal, skal leggjast til grunn (sjå Vedlegg A, Kravspesifikasjon).
I tillegg ønskjer vi:
1. Tilrettelegging for geokoding/utført koordinatfesting av dei registrerte føretaka.
2. Tilrettelegging av data for publiseringsverktøyet Nesstar.
Nærare skildring av leveransen følgjer av Vedlegg A til kontrakt - Kravspesifikasjon.

AVSLUTTET
Er du interessert i lignende oppdrag?Kontakt oppdragsgivere

Prosjektleder

Kravspesifikasjon

Masfjordnes, Hordaland

Avsluttet: Tirsdag 23. April 2013