Arkitekt, Prosjektleder i Hordaland

Oppdrag formidlet via Anbudstorget

663 Siste år
124 Siste 3 mnd
47 Aktive nå

Uforpliktende pristilbud?

Leverandører fra ditt nærområde svarer deg raskt.
Registrer en gratis forespørsel på 2 minutter.

Invitasjon til konkurranse om utarbeiding av interkommunal strandsoneplan for Sunnhordland

Registrert Dato: Torsdag 14. Juni 2012

Planprogram med forslag til konsekvensutgreiing er utarbeidd i samsvar med Plan-og bygningslova, kapittel 4. Planområdet omfattar i hovudsak 100-metersbeltet langs sjøen og 50m ut i sjø frå strandlina.
Planarbeidet vert gjennomført på kommuneplannivå som kommunedelplan etter kapittel 11 i Plan- og bygningslova.
Planen skal innehalda dei tema/føremål som er naturleg å ta opp for ein arealplan som omfattar strandsona på eit kommunalt overordna nivå. Det vil her vera særleg aktuelt å sjå på tema som er felles for kommunane når det gjeld bruk og vern av areal i strandsona. Følgjande tema skal vurderast:
? Friluftsområde, regionale og lokale
? Område med spesielle natur- og landskapskvalitetar
? Sikring av større, viktige frilufts- og landskapsområde
? Kulturminneområde, kystkultur m.m.
? Område for næringsutvikling, hamneanlegg, reiselivsanlegg
? Felles båthamner/bryggeanlegg, naustområde, fellesnaust
? Bustadområde og område for fritidsbustader
? Fortettingsområde
Som del av planarbeidet skal det utarbeidast felles føresegner for bygging av brygger, naust, rorbuer, spreitt utbygging, m.m. i strandsona og elles andre føresegner med retningsliner som gjeld bruk og forvaltning av strandsona. I dette planarbeidet er det ikkje føresett å vurdera einskildtiltak som brygger, naust, hytter og bustader og liknande plassert i strandsona. Slike einskildsaker må kommunane ta stilling til seinare med heimel i føresegner og eventuelle reguleringsplanar.
Den interkommunale planen skal vera det overordna styrande plandokumentet for all arealbruk og forvaltning av areal i strandsona til dei deltakande kommunane. Planen skal visa arealformål og omsynssoner for bruk og vern av areal i strandsona. Kvart kommunestyre i dei deltakande kommunar skal treffa endeleg vedtak for sitt område.
For meir uttømande informasjon vert det vist til planprogrammet som gjev grunnlaget for det utgreiingsarbeidet som konsulenten skal utføra. Det vert teke atterhald om at det kan skje endringar i planprogrammet i samband med politisk handsaming i kommunane.

AVSLUTTET
Er du interessert i lignende oppdrag?Kontakt oppdragsgivere

Arkitekt, Prosjektleder

Areal, Brygger, Bygging, Hytter, Naust, Rorbuer, Sikring, Teke, Utbygging

Torangsvåg, Hordaland

Avsluttet: Tirsdag 03. Juli 2012