Eiendomsmegler, Prosjektleder, Taksering i Møre og Romsdal

Oppdrag formidlet via Anbudstorget

317 Siste år
73 Siste 3 mnd
16 Aktive nå

Uforpliktende pristilbud?

Leverandører fra ditt nærområde svarer deg raskt.
Registrer en gratis forespørsel på 2 minutter.

Kjøp av takseringsteneste 2011

Registrert Dato: Onsdag 01. Juni 2011

Vestnes Kommune v/Eigedomsskattekontoret, innbyr til open anbodskonkurranse i samband med taksering av: Eigedomar jfr. § 4 i eigedomsskattelova, unnateke bustad- og fritidseigedomar.
Kontrakt vil omfatte taksering av eigedomar spesifisert i eige objektoversyn (eige vedlegg) som ikkje er utfyllande, men som er avgjerande i konkurransen og avgjerande for innsending av tilbod i tråd med prissvarskjemaet (eige vedlegg) og svarskjemaet for gjennomføringsevne (eige vedlegg).
For takseringsarbeidet vert det vist til eigedomsskattelova (generelt) og til byskattelova § 5, jfr. eigedomsskattelova § 33.
Arbeidet vert gjennomført etter fast pris. Eventuelt tilleggsarbeid skal avtalast særskild.
Alt takseringsarbeid skal leverast oppdragsgjevaren på følgjande format: Word og/eller excel.
I tillegg omfattar den faste prisen at tilbydar skal legge inn taktstdata i oppdragsgjevaren sitt fagsystem, KomTek Eigedomsskatt.
Tidsfrist for takseringsarbeidet er: 30.11.2011.
Det er ikkje utarbeidd sjablonverdiar knytt til taksering av objekta.
Tilbydaren sine skjema og arbeidsmetodar skal gjennomgåast med oppdragsgjevaren før takseringsarbeidet startar.
Det skal nyttast kjende og aksepterte takseringsmetodar for den type objekt som skal takserast. Takseringa skal skje i tråd med lover, uttalar, rettsavgjerder og innarbeidd rettspraksis som gjeld for fastsetting av eigedomsskattetakstar.
Alle eigedomar som skal takserast skal synfarast. Synfaringa skal varslast på førehand av tilbydar.
Det må påreknast ein del møteverksemd med oppdragsgivaren inkludert i prisen.
Dersom den sakkunnige nemnda ber om ytterlegare presiseringar/avklaringar i samband med ein gjeven takst, skal dette gjerast utan tillegg i pris.
Det er utarbeidd liste (vedlegg) over næringseigedomar samt verker og bruk, så langt ein kjenner til.
Kommunen har ikkje oversikt over produksjonsutstyr som skal takserast tilhøyrande den enkelte eigedomen.
Kommunen føreset at tilbydar skaffar opplysningar om øvrige skatteobjekt slik som:
- Tele- og kommunikasjonsanlegg, energinett, fiske- og skjeloppdrett.
Prisen i tilbodet skal vere inklusiv alle omkostningar med eit komplett takseringsarbeid.
(Sjå også konkurransegrunnlaget del 2 ? kjøpekontrakt.)

AVSLUTTET
Er du interessert i lignende oppdrag?Kontakt oppdragsgivere

Eiendomsmegler, Prosjektleder, Taksering

Pris, Taksering, Takst

Vestnes, Møre og Romsdal

Avsluttet: Mandag 18. Juli 2011