Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Arkitekt i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Konsulentstøtte til SMB -utvikling i regi av Sunnfjord Næringsutvikling AS

Tilbydaren skal opptre som fagleg hjelpar for eit samleprosjekt i regi av Sunnfjord næringsutvikling as opp mot driftsanalyser av eit utval små- og mellomstore bedrifter.
Utvalet av bedrifter vil kunne omfatte ulike næringstypar innan området dekka av kommunane jølster, førde, Gaular og Naustdal.
Det blir lagt stor vekst på at tilbydar har ein tilstrekkeleg organisasjon med kvalifisert personale for å kunne dekke alle sentrale analysegrunnlag for eit variert næringsliv i området. Tilbydaren blir også med i prosess for utpeiking/ tilråding av bedrifter som passar inn i prosjektet. Kjøparen har vide fullmakter til å tolke kva ein legg i dette kravet. Prosjektet er enno ikkje fundamentert ned på avgrensing av kva bedriftstypar som blir med i analysa og derfor er utlysinga noko generell i si omtale.
Utan at informasjonen er bindande for utlysar er prosjektstøtta sentrert opp mot eit oppdrag som snu as tek på seg opp mot lokalt næringsliv for å analysere potensialet for auka verdiskaping innan lokale bedrifter. Støtta skjer gjennom analyse av forbetringsområder innan både produksjon og produktutval for den enkelte bedrift i tett dialog med den enkelte bedriftseigar. Det ligg også til prosjektet å kunne delta i rådgjeving inn mot auka samarbeidsetableringar for å kunne ta større marknader eller etablere nye marknader ved at fleire bedrifter samarbeider.
Tenestelevandøren må kunne ta på seg ekstra oppgåver dersom snu as opptrer som strategisk rådgjevar eller liknande for fusjonar og anna basert på vurderingar knytt til dette prosjektet.
Dersom det oppstår utsetting eller på annan måte endringar i tid og/eller omfang skal leverandør i utgangspunktet tilpasse seg dette etter avtale.
Vi vil også opplyse at prosjektet er skissert over flire bolkar slik at det etter kva bolk blir laga rapport, samt lagt til grunn at prosjekteigar tek avgjerder om vidare framdrift.
Prosjektet kan også dekke avrop opp mot same tenester for åra 2013 og 2014 dersom snu har slike behov for liknande prosjekt. Avtale om forlenging medfører ikkje leveranse- eller kjøpsplikt for nokon av partane, men føreset ny avtaleunderteikning for kvart år dersom dette blir løysing.
Anbud id:
187370
  • Sted:
    Sunnfjord
  • Registrert:
    Fredag 23. Mars 2012