Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Arkitekt i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Konsulenttenester kommuneplanen sin arealdel - Hyllestad kommune

Anbudet gjeld to delar. Det er ynskja pris på kvar del kvar for seg.
Del 1 : følgje opp vedteke planprogram
Hyllestad kommune ber med dette om tilbod på konsulentbistand for utarbeiding av komplett leveranse av arealdel til kommuneplan, med plankart, føresegner, planomtale med konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse. Planen skal tilfredsstille krava i plan- og bygningslova med forskrifter og rettleiarar.
Prosjektet omfattar følgjande:
- Fylgje vedteke planprogram
- Utarbeiding av komplett arealdel til kommuneplanen
o Plankart
o Planomtale med ku
o føresegner
o ros-analyse
- Styring og presentasjonar på folkemøter og arbeidsmøter
 Alle plandokumenta skal leverast i både pdf- og word-format. Plankartet skal leverast i sosi-format, versjon 4. 5.
 Alle plandokument skal ha nynorsk skriftspråk.
 Alle aktuelle innspel frå innbyggarar i kommunen skal konsekvensutgreiast. i tilbodet skal det leggast til grunn ku for 22 innspel.
 Det skal gjennomførast 5 arbeidsmøter.
 Dokumenta «Planprogram arealdelen 2019-2030», «Vedlegg – konsekvensutgreiing» og skal vere mal for plandokumenta.
 Planprogram til arealdel og Samfunnsdel til kommuneplan skal leggast til grunn for planarbeidet.
 Plotting og kopiering av teikningar og dokument er ikkje del av anbodet.
 Pristilbodet skal innehalde ei skisse over korleis tilbydar tenker seg arbeidsopplegg/gjennomføring med framdriftsplan.
Del 2: Områdereguleringsplan
i samband ved konsekvensutgreiing av 3: B1 Bustadbygging, Salbu, så er det ynskjeleg for kommunen å utarbeide ein områdereguleringsplan for området. Det vert her bede om tilbod på konsulentbistad for utarbeiding av komplett områdereguleringsplan med plankart, føresegner. Planen skal tilfredstille krava i plan og bygningslova med forskrifter og rettleiarar.
Prosjektet omfattar følgjande:
- Planprogram
- Utarbeiding av områdereguleringsplan for Salbu
o Plankart
o Planomtale med ku
o føresegner
o ros-analyse
- Styring og presentasjonar på folkemøter og arbeidsmøter
 Alle plandokumenta skal leverast i både pdf- og word-format. Plankartet skal leverast i sosi-format, versjon 4. 5.
 Alle plandokument skal ha nynorsk skriftspråk.
 Det skal gjennomførast 2 arbeidsmøte og 2 folkemøte i prosessen.
 Planprogram til arealdel og Samfunnsdel til kommuneplan skal leggast til grunn for planarbeidet.
 Plotting og kopiering av teikningar og dokument er ikkje del av anbodet.
 Pristilbodet skal innehalde ei skisse over korleis tilbydar tenker seg arbeidsopplegg/gjennomføring med framdriftsplan.
Anbud id:
611770
  • Sted:
    Hyllestad
  • Registrert:
    Mandag 7. Oktober 2019
Er du interessert i dette oppdraget?