Flislegger, Gulv i Oslo

Oppdrag formidlet via Anbudstorget

624 Siste år
183 Siste 3 mnd
35 Aktive nå

Uforpliktende pristilbud?

Leverandører fra ditt nærområde svarer deg raskt.
Registrer en gratis forespørsel på 2 minutter.

Nytt golv i gang/hall

Registrert Dato: Mandag 21. Mars 2011

Støyping av golv i gang/hall, legging av varmekablar (el-arbeid utført av andre) og flislegging.

Situasjon i dag:
Rommet er totalt 20 m2, og har L-form, ligg i første etasje. Rommet har betongsole med råkjellar under. Golvet er klargjort ned til papp over betongen, men noko tilpassing rundt veggar/lister må påreknast. Tillate total byggehøgde frå sole til topp flis er ca 14 cm. Alle mål må kontrollerast/verifiserast av utførande bedrift. Teikningar kan sendast viss ønskjeleg

Golvtype:
Støypt golv på styrofoamplater, med elektriske varmekablar og flis.

Flis:
Vert kjøpt av underteikna. Det skal gjerast klart for å legge flislister langs veggar på eit seinare tidspunkt.

Varme:
Varmekablar skal leggast i to separate sløyfer. Innkjøp av varmekablar og elektrikarjobb er ikkje golvleggar sitt ansvar. Det er ønskjeleg, men ikkje naudsynt, at koordinering vert gjort direkte med elektrikar.

Andre viktige aspekt:
Det er ønskjeleg at jobben vert påbyrja første halvdel av mai månad, viss mogeleg. Andre tidspunkt kan diskuterast. Viktige evalueringskriterium er gjennomføringstid og referansar for kvalitetsmessig flislegging.

AVSLUTTET
Er du interessert i lignende oppdrag?Kontakt oppdragsgivere

Flislegger, Gulv

Flislegging, Innkjøp

Oslo, Oslo

Avsluttet: Tirsdag 19. April 2011