Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

IT/Web og Support i Oslo

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Oslo
Avsluttet

Open anbodskonkurranse - anskaffing av webportal - DFØ

DfØ heitte tidlegare Senter for statleg økonomistyring (ssØ), men bytte namn 14. November 2011 til Direktoratet for økonomistyring. dfØ har som oppgåve å styrkje den statlege økonomistyringa og forbetre ressursutnyttinga på området.
dfØ blei etablert 1. Januar 2004 som éin av sju etatar under Finansdepartementet. Etableringa skjedde hovudsakleg ved å samordne ressursar i finansavdelinga i Finansdepartementet og økonomitenesteseksjonen i Skattedirektoratet og ved 18 skattefutkontor.
dfØ er rådgivar for sentrale myndigheiter innanfor statleg økonomistyring og utfører forvaltingsoppgåver for alle statlege verksemder. i tillegg leverer dfØ økonomitenester (lønn og rekneskap) til om lag 70 prosent av dei statlege verksemdene.
Oppdragsgivaren skal inngå avtale med ein leverandør om kjøp av eit kommersielt verktøy for feilhandtering og oppfølging av filer som er mottekne på statens standardformat, Elektronisk handelsformat (ehf). Verktøyet skal òg kunne brukast til å følgje opp leverandørar som ikkje sender elektronisk faktura (leverandøraktivering).
Oppdragsgivaren har som formål å gjennomføre kostnadseffektive anskaffingar i samsvar med gjeldande lov- og regelverk. Avtalen skal dekkje behovet oppdragsgivaren har for å handtere feil og følgje opp elektroniske fakturaer på statens standardformat Elektronisk handelsformat (ehf).
Fakturamottaket til dfØ har per i dag følgjande volum:
? Papir: 640 000
? e-post: 40 000
? Elektronisk: 80 000
Dette er fordelt på 140 kundar med til saman 334 underliggjande einingar.
Totalt er det ca. 25 000 leverandørar.
Basisfunksjonar
Verktøyet skal vere ein webportal med to redigerbare register: eitt kunderegister og eitt leverandørregister.
i leverandørregisteret skal det vere informasjon om organisasjonsnummer, leverandørnamn, adresse, e-postadresse og kor mange fakturaer som blir leverte, fordelt på papir, e-post og elektronisk (ehf og E2B), per kunde. i tillegg må ein kunne skilje mellom forskjellige fakturakategoriar.
Anbud id:
229631
  • Sted:
    Oslo, Hamar
  • Registrert:
    Torsdag 20. Desember 2012
Er du interessert i dette oppdraget?

Lignende oppdrag i Oslo

1 anbud
  • Flytte webside
    Ønsker hjelp til å flytte webside, har filene på Dropbox. De skal installeres på fastname web hotell
    • Oslo
    • Tirsdag 2. April 2024
    • IT/Web og Support