Utleie, Bemanning i Finnmark

Oppdrag formidlet via Anbudstorget

54 Siste år
8 Siste 3 mnd
4 Aktive nå

Uforpliktende pristilbud?

Leverandører fra ditt nærområde svarer deg raskt.
Registrer en gratis forespørsel på 2 minutter.

Open anbodskonkurranse - kjøp av vikartenester, DFØ

Registrert Dato: Fredag 09. November 2012

Direktoratet for økonomistyring (heretter kalla DFØ) gjennomfører anbodskonkurranse med sikte på å inngå rammeavtalar med tre leverandørar for å dekkje behovet for hjelp i form av innleigde vikartenester, hovudsakleg på områda lønns- og personalløysing, rekneskaps- og økonomifunksjonar og innanfor forkontor-/sentralbordtenester.
DFØ heitte tidlegare Senter for statleg økonomistyring (SSØ), men endra namn til Direktoratet for økonomistyring (DFØ) 14. november 2011. DFØ har som oppgåve å styrkje den statlege økonomistyringa og forbetre ressursutnyttinga på området.
DFØ blei etablert 1. januar 2004 som éin av sju etatar under Finansdepartementet. Etableringa skjedde hovudsakleg ved å samordne ressursar i finansavdelinga i Finansdepartementet og økonomitenesteseksjonen i Skattedirektoratet og ved 18 skattefutkontor.
DFØ er rådgivar for sentrale myndigheiter innanfor statleg økonomistyring og utfører forvaltingsoppgåver for alle statlege verksemder. I tillegg leverer DFØ økonomitenester (lønn og rekneskap) til om lag 70 prosent av dei statlege verksemdene.
DFØ har i dag om lag 370 tilsette fordelt på seks kontorstader og éi sentraleining i Oslo. Kontorstadene ligg i Hamar, Drammen, Kristiansand, Stavanger, Trondheim og Tromsø. I tillegg er det ei avdeling i Vadsø som er underlagd Tromsø.
Tenesta består i å skaffe kvalifisert vikarpersonell for kortare eller lengre periodar til
generelle sentralbord-/forkontortenester og rekneskaps-/økonomi-/lønnsarbeid av varierande kompleksitet og omfang. Vikaren må ofte ha spesiell kjennskap til og kompetanse i Agresso økonomi- og rekneskapssystem og SAP lønnssystem. Krava vil i kvart enkelt tilfelle bli spesifiserte i ein minikonkurranse mellom leverandørane på rammeavtalen, sjå kapittel 3.2.4.
Oppdragsgivaren ønskjer i tillegg opsjon på vikartenester til andre aktuelle personellkategoriar som DFØ eventuelt vil ha behov for.

AVSLUTTET
Er du interessert i lignende oppdrag?Kontakt oppdragsgivere

Utleie, Bemanning

Vadsø, Finnmark

Avsluttet: Mandag 03. Desember 2012