Rengjøring i Vest-Agder

Oppdrag formidlet via Anbudstorget

148 Siste år
32 Siste 3 mnd
4 Aktive nå

Uforpliktende pristilbud?

Leverandører fra ditt nærområde svarer deg raskt.
Registrer en gratis forespørsel på 2 minutter.

Open anbudskonkurranse - reinhald lokaler i Kristiansand - DFØ

Registrert Dato: Torsdag 20. Desember 2012

DFØ ønskjer å inngå ein avtale om reinhaldstenester i DFØ-lokala i Stadionveien 21 (Sør Arena) i Kristiansand for perioden 1.2.2013 til 31.01.2016, med opsjon for DFØ på eitt års forlenging.
Direktoratet for økonomistyring, kontorstad Kristiansand, ønskjer tilbod på levering av reingjeringstenester for lokala i Stadionveien 21. Det samla lokalarealet er på 1350 m2, fordelt på to etasjar. Reinhaldsarealet består av cellekontor, kontorlandskap, toalett og sosiale rom. Det oppgitte reinhaldsarealet må reknast som rettleiande.
Levering av reingjeringstenester omfattar reinhald og opsjon på kjøp av sanitærartiklar, innvendig vindaugspuss og årleg nedstøving.
Areala som skal reingjerast regelmessig, er cellekontor, kontorlandskap, korridorar, møterom, fellesareal og toalett.
Levering av reingjeringstenester skal byggje på Norsk standard ? Insta 800 eller tilsvarande. Tilbydarar som er sertifiserte i ISO 9000-serien og/eller ISO 14000-serien, blir oppmoda om å leggje fram dokumentasjon på det.
Det skal brukast moderne, miljøvennlege reingjeringsmetodar og reingjeringsprodukt med eit minimum av såpe og kjemikalium. Alle golv skal reingjerast og haldast ved like i samsvar med reinhaldsplanen. Det skal fyllast på toalettpapir, handsåpe, tørkepapir og luftfriskarar i alle rom der det blir brukt. Reingjeringspersonalet bringer avfallet til den tilviste staden, leverandøren held avfallssekkar.

AVSLUTTET
Er du interessert i lignende oppdrag?Kontakt oppdragsgivere

Rengjøring

Dokumentasjon, Kontorlandskap, Toalett

Kristiansand S, Vest-Agder

Avsluttet: Mandag 14. Januar 2013