Entreprenør, Maskinentreprenør, Mekaniske verksteder, Rørlegger, Stålarbeider, Vann & avløp i Buskerud

Oppdrag formidlet via Anbudstorget

1595 Siste år
378 Siste 3 mnd
98 Aktive nå

Uforpliktende pristilbud?

Leverandører fra ditt nærområde svarer deg raskt.
Registrer en gratis forespørsel på 2 minutter.

Opparbeiding/istandsetting av kolbotn bustadfelt - ål kommune

Registrert Dato: Mandag 07. Juni 2010

OPPARBEIDING/ISTANDSETTING AV KOLBOTN BUSTADFELT I ÅL KOMMUNE
Arbeidet omfattar istandsetting nedre del av Kolbotn Bustadfelt, ca 20 tomter.
Ål kommune har overteke feltet etter ein konkurs. Arbeidet som skal utførast er basert på opplysningar frå tidlegare eigarar, konkursbuet samt eigne kontrollar.
Arbeidet vil pågå heile tida fram til vinteren og holde fram til våren med resterande.
Vi har utarbeida ei liste over arbeider som vi veit må utførast. I tillegg vil det alltid vere ting som kjem fram i anleggsperioden.
Vi ynskjer av den grunn å få arbeidet utført etter timeprisar.
Entreprenøren må opplyse om kapasitet og type maskinar samt prisar på manuelle arbeider.
Vi set fylgjande krav til entreprenør:
? Oppfylle krava etter tiltaksklasse 2
? Stille til disposisjon naudsynt utstyr og mannskap for å utføre arbeidet innafor dei tidsfristane som er sett på spesifisert arbeid.
? Legging av røyr mellom kummar skal utføres av person med ADK kurs.
? Sveising av PE-røyr skal utførast av person med K-1 sertifikat.
? Røyrleggingsarbeid i kum skal utførast av godkjent røyrleggjar.
Entreprenøren skal gje opp namn på alle ovannemnde ansvarlege personar samt maskinførarar og oppgi dato for når han kan starte opp.
Entreprenøren må også gi opp referansar på tidlegare arbeider.
Det er ein føresetnad at arbeidet går kontinuerlig når det er påbegynt.
Vi reknar med at det er behov for minst 2 gravarar, ei 8 ? 15 t til grøftearbeid og ei
20 ? 30 t til terrengarbeid/bekkeomlegging etc, naudsynt transportmidlar og naudsynt manuell arbeidskraft.
Val av entreprenør vil bli gjort ut frå fylgjande kriteriar og vektlegging:
Vektlegging 20 % - Pris og starttidpunkt
Vektlegging 20 % - Kapasitet
Vektlegging 30 % - Referansar på firmaet og namngitte personar
Vektlegging 30 % - Erfaringar frå tidlegare arbeid
Firmaattest, skatte- og mva-attest og HMS-erklering må ligge ved tilbodet.
Det blir halde synfaring fredag 11. juni kl 13.00 og tilbodsdokument blir utlevert då.
Tilbod på timeprisar merka ?opparbeiding Kolbotn bustadfelt?
skal vere levert servicetorget i Ål kommune innan fredag 25. juni kl. 14.00, tilboda blir opna umiddelbart etterpå.
Eventuelle spørsmål om tilbodet kan du få hjå Dag Hovde tlf 95173880 eller
Kjell Kløve tlf 99287861.

AVSLUTTET
Er du interessert i lignende oppdrag?Kontakt oppdragsgivere