Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Elektriker, Snekker i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Oppussing/renovering av to soverom, eit lite kontor og garderobeløysing - ca. 29 kvm

Området det gjeld er mellom to bæreveggar i betong, det er lettveggar mellom romma som skal fiksast opp. Området er om lag 28-30 kvm. Vi ynskjer å lekte ned taket slik at vi får spottar i taket og får skjult ledningar. Vi treng nye lettveggar mellom romma og ny rominndeling. Vi ynskjer å gjere noko sjølv. Dette må vere lettare ting som alle klarer - t. d. Riving, fjerne mineralmaling, legge golv (muligens etter at grunnarbeidet er gjort), kanskje liste. Bygging av garderobe ynskjer vi å gjere sjølv, men det må planleggast godt med tanke på plassering av stenderar. Det skal bli eit soverom for vaksne, eit for ein liten gut, eit lite kontor og ei garderobeløysing. Vi er usikre på kva tid det elektriske er bytta ut, men tenkjer uansett at vi må betre dette med fleire uttak enn det er i dag. Det er mogleg det trengs nye kretsar og heilt nytt opplegg til desse romma. Det skal ikkje vere noko rør eller behov for rørleggar på desse romma. Vi ser for oss at arbeidet skal utførast mellom ca. 25. Februar og påske. Vi ynskjer eit grovt overslag av pris på arbeidet og ein makspris, dessutan dato for kva tid arbeidet kan utførast. Vi bur i ei lavblokk i eit boliglag. Der er reglane som følgjande: “Banking og boring er kun tillatt mellom klokken 8 og 20 mandag til fredag og mellom 12 og 16 på lørdag.”
Anbud id:
693531
  • Sted:
    Bergen
  • Registrert:
    Tirsdag 19. Januar 2021

Lignende oppdrag i Vestland

6 anbud