Arkitekt, Prosjektleder i Sogn og fjordane

Oppdrag formidlet via Anbudstorget

324 Siste år
72 Siste 3 mnd
23 Aktive nå

Uforpliktende pristilbud?

Leverandører fra ditt nærområde svarer deg raskt.
Registrer en gratis forespørsel på 2 minutter.

Prosjekt 0914 Utbygging av Sogndal omsorgssenter, avgrensa plan- og designkonkurranse

Registrert Dato: Torsdag 23. Mai 2013

Sogndal kommune skal gjennomføre utbygging av Sogndal omsorgssenter (SOS) i Sogndal i Sogn og Fjordane.
Utbygginga av SOS skal gjennomførast på tomt ved eksisterande omsorgssenter og skal byggjast saman med eksisterande senter der totalprosjektet skal omfatte eit samla anlegg med omlag 4300m2 nybygg, parkeringsanlegg på om lag 1200m2, samt om lag 2100m2 ombyggingsareal i eksisterande anlegg. Til saman eit totalt byggeprogram på omlag 7600m2 areal.
Utbygginga vil innehalde kommunen sine samla helse- og omsorgstenester innafor, sjukeheim for langtids- og korttidsopphald, stille og stellerom, legesenter, helsestasjon, ambulansestasjon, jordmorteneste, senter for rehabilitering, heimetenester, læring- og mestringssenter, samt fellesfunksjonar med, kantine, møterom og undervisning, lager for hjelpemidlar, garderobar og toalettanlegg i tillegg til parkeringsanlegg.
I tillegg skal anlegget innehalde naudsynt areal for tekniske anlegg for data med serverpark, tekniske rom for VVS, elektroteknisk anlegg, samt varmesentral og anlegg for naudstraum.
Delar av utbyggingsområdet er bratt og det er viktig å finne løysingar som gjev gode kommunikasjonsliner, god utnytting av tomta og låg B/P-faktor. Konkurransen skal gjennomførast sommaren 2013. Sogndal kommune inviterer med dette interesserte prosjekteringsgrupper (med både ARK, LARK, RIB, RIG, RIV, RIE inklusive PRL funksjon for team/gruppe) til å søke om å delta i ein avgrensa plan- og designkonkurranse. Sogndal kommune vil sende ut eit kvalifikasjonsgrunnlag der kvalifikasjonskrav og dokumentasjonskrav for prekvalifiseringinga er oppgitt.

AVSLUTTET
Er du interessert i lignende oppdrag?Kontakt oppdragsgivere

Arkitekt, Prosjektleder

Anlegg, Areal, Nybygg, Parkeringsanlegg, Rehabilitering, Stellerom, Toalettanlegg, Tomt, Utbygging

Fjærland, Sogn og fjordane

Avsluttet: Mandag 24. Juni 2013