Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Arkitekt, Betong, Elektriker, Entreprenør, Maskinentreprenør, Rørlegger, Snekker, Ventilasjon i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Prosjektering av produksjonskjøkken på Vetleflaten og Voss sjukeheim

Voss herad ynskjer å anskaffe bistand til utarbeiding av konkurransegrunnlag (med tilhøyrande dokument) for to totalentrepriser, frå skisseprosjekt til forprosjekt klar til utlysing.
Den endelege avgjersla om entrepriseform er ikkje vedteke enno. Voss herad vurderer totalentreprise med ein samspelsfase.
Entreprise 1:
Nybygg av kjøkken på Vetleflaten, med opsjon på dagavdeling i 2 etg og garasjeanlegg, basert på skisseutkast utarbeidd av Bruket Arkitektur.
Entreprise 2:
Ombygging til kjøkken på Voss sjukeheim basert på skisseutkast utarbeidd av Bruket Arkitektur.
Prosess:
Voss herad ynskjer ein open og inkluderande prosess med utveksling av tankar og erfaring undervegs, både team i mellom (dersom det vert vald to team), og med oppdragsgivar og arbeidsgruppa. Ein ynskjer ein dynamisk prosess der bestillinga kan justerast undervegs i samråd med partane.
Ei arbeidsgruppe vert invitert til å følge prosessen og kome med innspel til konsulentteam.
Arbeidsgruppa vil delta i oppstartsmøte, midtvegsseminar og naudsynt oppfølgjing i prosess. Denne arbeidsgruppa vil i all hovudsak bestå av representantar frå Voss herad (Plan, Teknisk og Helse), samt representantar frå institusjonane.
førebels framdriftsplan:
Utlysing veke 36
Frist for å stille spørsmål veke 37
Tilbodsfrist 15. 09. 2020 kl. 12. 00
Val av team veke 39-40
Oppstartsmøte veke 42
Midtvegsmøte veke 44
Innlevering/ferdigstilling veke 47
Utlysing totalentreprise veke 48
Tilbodsfrist totalentreprise 07. 12. 2020 kl. 12. 00
Val av entreprenør veke 50-51
Oppstart totalentreprenør januar 2021
Honorar:
Samla honorar for dei 2 kjøkena er på 1. 000. 000, - nok eks mva.
Om oppdraget vert delt vil 600. 000, - nok knytast til løysingar for Vetleflaten og 400. 000, - nok knytast til løysingar til Voss sjukeheim.
Voss herad står fritt til å velje eitt team for begge instutisjonane, eller 2 ulike team som tar kvar sin instutisjon.
Reiser er inkludert i honorar.
Tildelingskriterier og krav til innlevert materiale:
Oppgåveskildring:
Legg ved ein kortfatta tekst som skildrar korleis ein tenker rundt utvikling av kommunale kjøkken på Voss.
Oppgåveskildring for begge kjøkken samla eller oppgåveskildring for kvart kjøkken for seg.
Vekting 60%
Referanseprosjekt:
2-3 relevante referanseprosjekt knytt til utvikling av kommunale kjøkken på Voss.
Vekting 20%
Team:
Liste med cv over kven som skal jobbe i dette prosjektet.
Vekting 20 %
Ein står såleis fritt til å leverte oppgåveskildring for begge kjøkken eller ei samla oppgåveskildring for begge kjøkkena i sentrum.
Det vert plukka ut eitt eller to team.
Kriteria for utvelgelse framgår av lista over.
Det vert lagt vekt på lokal kjennskap til Voss.
Oppdragsgivar har rett men ikkje plikt til å bestille oppfyljande konsulenttenester i samband med vidare arbeid med dei to kommunale kjøkkena.
Anbud id:
665415
  • Sted:
    Voss
  • Registrert:
    Tirsdag 25. August 2020

Lignende oppdrag i Vestland

3 anbud