Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Alarm og sikkerhet, Anleggsgartner, Arkitekt, Betong, Elektriker, Entreprenør, Maler, Maskinentreprenør, Murer, Rørlegger, Snekker, Stålarbeider, Taktekker, Ventilasjon i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Rehabilitering og ombygging eksisterande bygg (inkludert utskifting av tekniske installasjonar) og oppføring av nytt tilbygg som «design-and-build»

Etter 17 år med stort sett full drift i Havhesten, er slitasjen på anlegget no så stor at det er naudsynt med ei større rehabilitering, kombinert med noko ombygging for å unngå ufrivillig langvarig driftsstans. Anlegget tilfredsstiller heller ikkje lenger brukarane sine behov og krav.
Badeanlegget frå 1999/2000 vart bygd etter dåverande forskrifter og standardar. Arealet er på omlag 3000 m2.
Planløysinga for bygget har i all hovudsak fungert tilfredsstillande, men det er mellom anna eit brukarkrav å tilpasse større delar av bygget til universell utforming.
For fleire detaljar i samband med rehabilitering/ombygging og nybygg (prosjektomfang) blir det vist til funksjonsbeskrivelsane (vedlegg 2) som syner krav til leveransen, samt til «Tilstandsrapport Havhesten kf» (vedlegg 5) for meir informasjon om bakgrunnen.
Prosjektet er delt opp i 2-fasar:
Totalentreprise fase 1(«design-and-build»):
Fase 1 omfattar rehabilitering av eksisterende badeanlegg med alle tiltak lista opp i funksjonsbeskrivelsar - Kontraktsgrunnlag Del ii, vedlegg 2. Fase 1 omfattar også førebuing og installasjon av tekniske anlegg, slik at fase 2 kan gjennomførast i samanheng med fase 1, eller på eit seinare tidspunkt. i fase 1 er også inkludert tiltak for å få best mogleg universell utforming i eksisterende bygg. Det omfattar å lage garderobar for rørslehemma i området med hc wc, fyrstehjelpsrom, resepsjon og kontor. Ein skal difor designe og bygge eit tilbygg som «design-and-build» for å erstatte dei funksjonane/romma ein mister.
Vedkommande akustikk, skal ein gjere tiltak i eksisterande bygg slik at ein stettar krav i TEK17, §13-6 første ledd. Det vert det også vist til krav i ns 8175: 2012 (Lydstandarden)
Totalentreprise fase 2 («design-and-build»):
Fase 2 er i same totalentreprise som fase 1, men som ein rein «design-and-build», for bygging av tilbygg med tilknyting til tekniske anlegg frå eksisterande bygg. Tilbygget skal stette krava gitt i eiga romprogram for tilbygget.
Fase 2 kan bli trekt ut av anbodet.
Oppdraget skal som nemnd utførast som ein totalentreprise etter ns 8407.
Anbud id:
502857
  • Sted:
    Kinn
  • Registrert:
    Lørdag 6. Januar 2018

Lignende oppdrag i Vestland

1 anbud