Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Arkitekt, Rengjøring, Riving i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Reinhaldsplanar Referansenummer: 16/8630

Utarbeide reinhaldsplanar for fylkeskommunale bygg. Bygga er vidaregåande skular og administrasjonsbygget for Sogn og Fjordane fylkeskommune på Leikanger.
Fleire av bygga har reinhaldsplanar av eldre årgang eller eigenutarbeidde planar. Ein skule har utarbeidd plan med programmet Jonathan Clean. For denne kan det verte aktuelt med kun ei oppdatering av eksisterande plan. Det er ynskjeleg at Jonathan Clean vert nytta ved utarbeiding av nye reinhaldsplanar.
Oppdragsgjevar ynskjer å få utarbeidd planar med ein tilnærma lik standard. Oppdragsgjevar ynskjer reinhaldsplan med dagleg reinhald, periodisk reinhald og plan for hovudreingjering. Vi brukar ikkje insta 800 i dag, men planen må vera tilrettelagd for å kunne bruke denne standarden.
Oppdragsgjevar skal ha eigarrett til grunndata som er utarbeidde til reinhaldsplanane. Leverandør skal overlevere materialet til oppdragsgjevar på førespurdnad. Dette for at oppdragsgjevar i ettertid skal kunne utføre vedlikehald og oppdateringar av utarbeidde reinhaldsplanar.
Oppdragsgjevar skaffar sjølv naudsynt programvare.
Vi har i tillegg i pilot fått utarbeidd ny reinhaldsplan for Mo og Øyrane vidaregåande skule. Jonathan Clean er brukt ved utarbeiding av planen. Denne inngår ikkje i denne konkurransen.
Sogn og fjordane fylkeskommune ynskjer tilbod på utarbeiding av reinhaldsplanar ved fylkeskommunale bygg. Vi ynskjer pris på reinhaldsplan pr. M2 areal. i tillegg må tilbodet innehalde oversikt over eventuelle andre kostnader. Reise- og opphaldsutgifter kjem i tillegg etter dokumenterte utgifter/statens standardsatser.
Anbud id:
447512
  • Sted:
    Sogndal
  • Registrert:
    Tirsdag 10. Januar 2017

Lignende oppdrag i Vestland

2 anbud