Elektriker, Entreprenør i Hordaland

Oppdrag formidlet via Anbudstorget

1450 Siste år
368 Siste 3 mnd
103 Aktive nå

Uforpliktende pristilbud?

Leverandører fra ditt nærområde svarer deg raskt.
Registrer en gratis forespørsel på 2 minutter.

Skjermbasert Informasjons- og Publiseringssystem (Digital Signage System)

Registrert Dato: Torsdag 22. September 2011

Skyss har som overordna mål å digitalisere informasjonsformidlinga mot kunden der dette er hensiktsmessig. Skyss skal i samband med dette etablere ein digital kommunikasjonskanal for formidling av trafikantinformasjon (inkl ruteinformasjon) og anna relatert informasjon til digitale skjermar på utvalde kollektivtrafikkterminalar og haldeplassar i Hordaland.
Det skal derfor anskaffast eit skjermbasert informasjons- og publiseringssystem (Digital Signage system) for å forenkle styring, publisering og produksjon av kundekommunikasjon mot digitale skjermar.
Skyss ønskjer å inngå avtale med leverandør av systemet, nødvendig infrastruktur og tjenester for levering på Bystasjonen og Lagunen. I tillegg ønskes det avtale om vedlikehold for 2 år med opsjon på forlenging med 1 + 1 + 1 år. Skyss ønskjer mulige utvidinger av løysinga til andre terminaler som opsjonar. Opsjonar ved utviding av løysinga vert presisert i konkurransegrunnlaget.
Det er anslått eit behov for 20-30 skjermar på kvar av terminalane på Bystasjonen og Lagunen. Tal og type skjermar vil bli spesifisert i konkurransegrunnlaget. Skjermane vil ha ulik storleik samt at nokon skal tilfredsstille krav til universell utforming og støtte bruk av trykkskjermbasert funksjonalitet.
Det vurderast også å anskaffe ein opsjon for skjermar som skal monterast inn i informasjonsøyler som vert plassert ved utvalde perrongar/haldeplassar. HFK har inngått rammeavtale for innkjøp av 200 slike søyler.

AVSLUTTET
Er du interessert i lignende oppdrag?Kontakt oppdragsgivere

Elektriker, Entreprenør

Forlenging, Innkjøp, Leverandør, Rammeavtale, Søyler, Vedlikehold

Masfjordnes, Hordaland

Avsluttet: Mandag 24. Oktober 2011