Arkitekt, Elektriker, Entreprenør, Prosjektleder i Hordaland

Oppdrag formidlet via Anbudstorget

2109 Siste år
529 Siste 3 mnd
148 Aktive nå

Uforpliktende pristilbud?

Leverandører fra ditt nærområde svarer deg raskt.
Registrer en gratis forespørsel på 2 minutter.

Utbygging av mobildekning

Registrert Dato: Torsdag 23. Februar 2012

Radøy kommune, med sine 269 øyar, holmar og skjer, ligg sentralt plassert i Nordhordland. Avstanden frå Bergen sentrum til kommunesenteret Manger er 45 km. Samla areal er 111 kvadratkilometer, og folketalet er omlag 4800. Over 80 % av landarealet ligg lågare enn 60 m.o.h., og høgste toppen er Morkenfjellet med 217 m.o.h.
I delar av kommunen er det i dag manglande mobildekning med bakgrunn i utfordrande landskap.
Heile eller delar av følgjande område er i dag utan mobildekning eller har manglande mobildekning: Sletta ? Nordanger ? Straume, Vågenes ? Kvalheim, Kvamme ? Tjore, Lundsdalen og Solendfjellet.
Desse områda er ikkje aktuelle for privat utbygging. Både husstandar, næringsliv, offentleg drift og vegar vil verta dekkja av ei utbygging i desse områda.
Mobildekning for alle innbyggarar er i dag eit nasjonalt mål. Manglande dekning for mobil er utfordrande for eksisterande næringsliv og kan hindre vidare utvikling og vekst i bygdene.
God infrastruktur i form av god mobildekning og breiband kan legge til rette for å etablere bedrifter og arbeidsplassar.
For den kommunale tenesteproduksjon er manglande mobildekning ei utfordring. Blant anna er det ein barnehage og ein barneskule som har manglande mobildekning. Kommunale- og fylkeskommunale vegar er og utan dekning. Omsynet til beredskap i desse områda veg og tungt for kommunen.
Målsetjinga til Radøy kommune med anbodet er å gjennomføra utbygging for å sikra mobildekning for alle innbyggjarar og næringsliv i dei områda som er inkludert i konkurransegrunnlaget.
Radøy kommune ynskjer leverandørar som aktivt bidrar til å oppnå alle målsetjingar innanfor dette konkrete prosjektet og dei gjeldande områda.

AVSLUTTET
Er du interessert i lignende oppdrag?Kontakt oppdragsgivere

Arkitekt, Elektriker, Entreprenør, Prosjektleder

Areal, Bedrifter, Drift, Mobildekning, Utbygging

Manger, Hordaland

Avsluttet: Torsdag 22. Mars 2012