Entreprenør, Maskinentreprenør, Sprenging, Vann & avløp i Rogaland

Oppdrag formidlet via Anbudstorget

1613 Siste år
434 Siste 3 mnd
99 Aktive nå

Uforpliktende pristilbud?

Leverandører fra ditt nærområde svarer deg raskt.
Registrer en gratis forespørsel på 2 minutter.

Vassleidning til randa

Registrert Dato: Tirsdag 07. Juli 2009

Tittel: Vassleidning til Randa
Publisert av Hjelmeland kommune
Hjelmeland kommune ynskjer tilbod på installasjon av vassleidning frå Sandanger på Randøy til h.h.vis Randa og Kaada (på Randøy) samt vassleidning til Børøy.
Vassleidningane leggjast dels på sjøbotn, dels i grøft på land.
Tilbod gis på komplett anlegg med naudsamt tal på lodd, eventuelle strekkavlastningar, koordinatfesta retningsforandringar på ferdig lagt leidning på sjøbotn, trykktesting og ferdig påkopling til eksisterande leidningar på land.
Arbeidet skal inkludere graving og sprenging av grøfter, legging av vassleidning i størrelse 110mm til 160mm til frostfri djupne i området. Det skal være PE-leidning av klasse str11, PN10.
Hjelmeland kommune vil stå ansvarleg overfor Plan-og bygningsmyndigheitene når det gjeld søknad og ansvarsforhold. Kommunen vil også sikre godkjenning frå Kystverket for legging av leidningane.
Tilbydarane må sjølve foreta eventuelle grunnundersøkingar, og må kunne dokumentere og garantere leveransen, jfr garantireglar i NS.
Til saman skal arbeidet inkludere:
11 stk kummar m/ventilar og spesifisert utstyr for nedgraving,
Ca 3200 meter ø160mm leidning i sjø, fordelt på 3 lengder kvar vel 1000 meter,
Ca 2550 meter ø160mm leidning i grøft, fordelt på 5 ulike lengder,
Ca 2200 meter ø110mm leidning i grøft, fordelt på 3 ulike lengder.
Arbeidet skal organiserast som anbod med forhandlingar.
Interesserte entreprenørar bes melde seg og registrera si interesse innan 1.august 2009.
Tilbod merkast ?Vassleidning Randa? og sendast til:
Teknisk seksjon, Hjelmeland kommune, 4130 Hjelmeland.
Spørsmål i saka skal merkast ?Vassleidning Randa?.
Kommunen vil sende kartunderlag og naudsynt dokumentasjon fortløpande etter registrering.
Der vil bli en synfaring i området etter nærare avtale primo august.
Anbodsfrist er satt til 27nde august 2009.
Det takast atterhald om endeleg kommunal godkjenning av budsjett og omfang før signering kontrakt og oppstart av arbeid primo oktober. Ferdigstilling april 2010.
Nærare detaljer og oversikt over arbeidsomfang og tidsplanar fåe ein hjå Hjelmeland kommune.

AVSLUTTET
Er du interessert i lignende oppdrag?Kontakt oppdragsgivere