Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Elektriker, Entreprenør, Maskinentreprenør i Møre og Romsdal

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Møre og Romsdal
Avsluttet

2020-60 KON Breibandsutbygging Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune er for 2020 tildelt ei ramme på 27 mill. Kroner for å støtte utbygging av breiband i område som i dag ikkje har tilbod om minst 30 Mbit/s, og marknaden ikkje har planer om utbygging. Tilskot skal fordelast av fylkeskommunen sitt kultur-, næring og folkehelseutval den 1. September, og før det skal kommunane prioritere aktuelle utbyggingsområde og utarbeide søknad.
Prosessen er i gang, og innan fristen 15. Mai hadde 13 kommunar meldt inn område som kan vere aktuelle for breibandutbygging med tilskot 2020. Fylkeskommunen, dvs. Med innleigd hjelp frå Analysys Mason, går no gjennom dei innsende områda og kvalitetssikrar dekningsdata.
Neste steg er å drøfte dei aktuelle utbyggingsområda med potensielle leverandørar. Dette har som formål å:
- avdekke om nokon av dei kommersielle aktørane har utbyggingsplaner i områda i løpet av dei neste tre åra
- få innspel til justering og prioritering av område (kva område er mest «gryteklart»?)
- få oversikt over tilgjengeleg infrastruktur
Vi vil ha dialog med marknaden på to måtar:
- Gjennom eit dialogmøte, gjennomført som Teams-møte, torsdag 28. Mai.
- Ved ei offentleg høyring av utbyggingsområde i fylket, publisert på Doffin i perioden 1. Juni til 1. Juli.
For å lette gjennomføringa på Teams, vil dialogmøte den 28. Mai bli gjennomført i to puljer:
- Klokka 0900-1100: Kommunane Averøy, Gjemnes, Smøla, Aure, Tingvoll, Rauma + aktuelle leverandørar i desse kommunane.
- Klokka 1300-1500: Kommunane Vanylven, Sande, Herøy, Hareid, Ørsta, Volda og Stranda + aktuelle leverandørar i desse områda
Vi vil sende ut ei innkalling på Teams til kontaktpersonar i dei aktuelle kommunane. Vi ber leverandørane melde tilbake om kva pulje dei vil delta på, og kven som er kontaktpersonar (så skal vi sørge for innkalling til desse. For nokon leverandørar vil det vere aktuelt å delta på begge puljer).
Anbud id:
646858
  • Sted:
    Kristiansund, Molde Ålesund, Vanylven, Sande, Herøy (Møre Og Romsdal), Ulstein, Hareid, Ørsta, Stranda, Sykkylven, Sula, Giske, Vestnes, Rauma, Aukra, Averøy, Gjemnes, Tingvoll, Sunndal, Surnadal, Smøla, Aure, Volda, Fjord, Hustadvika, Haram, Heim, Rindal  Vis alle
  • Registrert:
    Monday 25. May 2020

Lignende oppdrag i Møre og Romsdal

6 anbud