Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Elektriker, Entreprenør, Rørlegger, Snekker, Taktekker, Ventilasjon i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Ambulansestasjon gaupne

I Gaupne i Luster kommune skal det byggast ny ambulansestasjon ved å utvide helsesenteret i 2. Etg. Med ca 200 m2, samt ein frittståande garasje for ambulansar på ca 60 m2.
i tillegg skal ventilasjonsanlegg i eksisterande helsesenter skiftast ut og kanalnett oppgraderast.
Som opsjon har ein bla. Med ny taktekking, nye vindauge og utvendig behandling av helsesenteret, samt oppgradering av div. Elektrotekniske anlegg.
Byggherre er Luster kommune.
Byggearbeida er delt inn i hovudentreprise og tekniske sideentreprisar.
Byggearbeida skal starte ca. Medio januar 2011 og vera avslutta ca. 01. 09. 2011.
Det vert teke atterhald om byggherren si godkjenning av prosjektomfang og prosjektkostnad.
Anbodet gjeld desse entreprisane:
cdef Hovudentreprise for bygningsmessige fag
G1 røyranlegg
G2 Ventilasjonsanlegg
H1 Elektroinstallasjonar
Bygget skal oppførast med bygningsentreprenøren som hovudentreprenør.
Anbydarane må tilfredsstilla gjeldande forskriftskrav til kompetanse. Dei må dokumentera at dei er godkjente i dei funksjonar som er aktuelle i samsvar med bygget sin tiltaksprofil.
Tiltaksprofil kan rekvirerast frå arkitekt.
Firma som er interesserte i å gje anbod kan melde seg skriftleg pr. Brev eller e-post innan
torsdag 18. 11. 2010 til:
For bygningsmessige fag (entreprise cdef):
Arkitektkontoret 4B as, pb 244, 6852 Sogndal. Tlf: (info fjernet)
e-post: [email protected]
For vvs-tekniske fag (entreprise g. 1 og g. 2):
Fasit ingeniørtenester as, Galdetoppen 6869 Hafslo. Tlf: (info fjernet)
e-post: [email protected]
For elektrotekniske fag (entreprise h. 1):
sweco Norge as, Pb 426, 6803 førde. Tlf: (info fjernet)
e-post: [email protected]
Frist for anbodsinnlevering vert tysdag 07. 12. 2010.
Anbud id:
123090
  • Sted:
    Luster
  • Registrert:
    Wednesday 3. November 2010