Arkitekt, Entreprenør i Møre og Romsdal
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Møre og Romsdal
Avsluttet
Design basisutstilling Sunnmøre Museum
Utstillinga skal vere i ei eldre bygning av betong, med dei rammene det set for inngangsparti og rominndelingar. Det er to hovedrom og eitt mindre rom i kvar etasje. Det er betongveggar mellom romma. Det er knytt noko restriksjonar til det ytre av bygningen. Det er ikkje restriksjonar på interiøret.
Utstillingsarealet ligg i 2. Og 3. Etasje med trapperom i mellom. Det samla utstillingsarealet er på om lag 456 m2. Takhøgda er 2, 90 m. Det er allereie etablert heis til, og mellom, etasjane, men designet må sikre god universell tilgjengelegheit gjennom heile utstillinga. Heis og trapp er i kvar sin ende av bygget.
Ny publikumsinngang og inngang til ny utstilling er under arbeid. Det må gjerast design- og formidlingsgrep ved inngangen til utstillinga, og gjennom utstillinga som heile for å skape samanheng. Trapperomet mellom utstillingsetasjane kjem i tillegg til dei ovanfor skildra utstillingsroma, og går over totalt fire etasjar. Deler av trapperomet kan inngå som ein del av utstillinga for å binde saman dei to utstillingsetasjane.
Det er viktig at utstillinga er leikande og engasjerande, og innbyr til dialog og debatt. Utstillingsdesign og produksjon skal spegle naturperspektivet i utstillinga, og slik innehalde mijøvennlege løysingar.
Utstillinga kan innehalde eit myldreområde der vi kan samle større grupper. Den kan ha ei eiga sone eller spesiell tilpassing for barn. Det kan også vere eit område for skiftande aktivitet eller utstillingar, eventuelt at det er enkelt å gjere endringar. Utstillinga må ha plass til større grupper. Design og utforming skal ta omsyn til behov antikvariske gjenstandar har til bevaring. Lys og klima er ein viktig faktor da gjenstandane er ømfintlege overfor lys, temperatur og relativ fuktigheit. Utstillingsdesignet skal ta omsyn til sikring av gjenstandar, dette gjeld både berøring, tjuveri, brann og berging.
Den nye utstillinga skal ikkje formidle det same som vert formidla i friluftsmuseet, men kan gjerne kommunisere med kulturhistoriske bygg herifrå. Utstillinga skal reflektere heilskapen i museet si formidling, gjennom til dømes digitale løysingar.
Tekster skal vere på nynorsk og engelsk.
Punktskildring designoppdrag:
- Lage planteikning og heilskapeleg visuell utforming av utstillinga.
- Utvikle formgjeving, design, lysdesign og formidlingsverkemiddel i utstillinga.
- Val av design og material i utstillinga skal ha eit klimaperspektiv.
- Finne eigna og kreative formidlingsgrep, for eksempel mediebruk og digitale løysingar som kan peike utover sjølve
utstillinga og vere tilgjengeleg også for dei som ikkje besøker utstillinga.
- Bidra til å spisse og tydeleggjere tema i dialog med prosjektgruppa i museet.
- Skape design som treff ønskt målgruppe.
- Skape universell tilgjenge og utforming i utstillinga.
- Skape design som skaper engasjement og interaksjon mellom utstillinga og publikum.
- Teikne løysingar, design og montrar på overordna og- detaljnivå.
- Finne sikre og trygge visningsmåtar for gjenstandar av ulike slag i samarbeid med konservator.
- Foreslå løysing for blending av alle vindu.
- Finne og samarbeide med leverandørar
- Utarbeide milepæl - og framdriftsplan i samarbeid med utstillingsgruppa ved Musea på Sunnmøre.
- Utstillingsdesignar skal vere tilgjengeleg for og ha tett dialog med prosjektgruppa gjennom heile kontraktsperioden.

Anbud id:
691879
-
Sted:Ålesund, Haram
-
Registrert:Tuesday 12. January 2021
Er du interessert i dette oppdraget?
Lignende oppdrag i Møre og Romsdal
1 anbud
-
Ansvarlig prosjekterende atkitektHei. Eg bor i et hus oppført i 1953. Overtok det i 2016. Vi planlegger nå å gjøre en del endringer som vil kreve at det søkes om fasadeendring, samt oppføring av tilbygg. Vi trenger derfor byggetegni...
-
Ålesund
-
Thursday 24. October 2024
-