HFK-14-0108 Fotograftenester
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Avsluttet
HFK-14-0108 Fotograftenester
Hordaland fylkeskommune (hfk) og Bybanen as ønskjer å inngå rammeavtale med fotograf for gjennomføring av oppdragsfoto. Dei to største brukarane av avtalen vil vere hfk-einingane Kommunikasjonsseksjonen og Skyss. Behovet hos Kommunikasjonsseksjonen i hfk: i samband med profilering av Hordaland fylkeskommune sine mange tenester og oppgåver, har vi behov for å byggje opp ein base med gode profilbilete i høg kvalitet, samt beskrivande bilete frå alle deler av verksemda. Det er behov for profilerande bilete til stillingsannonser, profilannonser, storformat vindusprofilering (opp til 3 x 9 meter), rollups, messevegger, forsider til rapportar og trykksaker, profilkampanjar, profilbilete på internett og intranett, fotoutsmykking i arbeidsmiljø, mm. Vidare trengs det bilete til bruk i nyhetskanalar (internett, papirpublikasjon og media). Her er det snakk om beskrivande bilete og/eller reportasjebilete frå verksemda til dei fem «ytre» avdelingane (samferdsel, opplæring, kultur og idrett, regional utvikling og tannhelse). Desse avdelingane har alle samfunnsoppdrag som seier mykje om motivtilfanget. Behovet hos Skyss: For Skyss vert fotoarbeidet knytt til generelle behov og motiv innanfor kollektivtransport til fotodatabasen, ikkje profilbilete eller kampanjebilete. Motiva vil i all hovudsak bli nytta til nettstaden (info fjernet) og til bruk i rapportar. Avsendar for rapportane kan vere både Skyss/Hordaland fylkeskommune og Bergensprogrammet. Arbeidsfeltet vil vere heile Hordaland, men med overvekt av oppdrag i eller rundt Bergen. For oppdraget skal det bli inngått rammeavtale med minimum 1 og maksimum 2 leverandørar så framt det ligg føre eit tilstrekkeleg mengd eigna tilbod. Fordelinga av oppdrag mellom rammeavtalepartane vil skje i samsvar med fordelingsmekanismen skildra i kontraktutkastet, sjå del 2. Rammeavtalen sin varigheit vil vere på 2 år. Oppdragsgjevar skal ha opsjon på forlenging av rammeavtalen i ytterlegare 1 + 1 år, til saman maksimalt 4 år. Rammeavtalen er ikkje eksklusiv, og oppdragsgjevar kan difor nytte bilete frå andre leverandørar til same formål som denne avtalen. Konkurransedokumenter kan hentast på hfk sin leverandørportal, der og tilbod skal leverast. Lenkja til sida er: (info fjernet)
Anbud id:
308197
-
Sted:
-
Registrert:Tuesday 10. June 2014
Er du interessert i dette oppdraget?
Lignende oppdrag i
6 anbud
-
Husvask 100 kvadrat leilighet på ett planØnsker å komme i kontakt med en som kan gjennomføre vask hos oss. Dette inkluderer -vask av bad og toalett -tørking av støv mm. Anslått tid: ca 2 timer
-
Trondheim
-
Sunday 12. January 2025
-
-
Surnadal. Bygge inn kompressor til vakumdo på utsiden av huset.Bygge kompressor på utsiden av der vakumdoen er i bøfjorden i Surnadal. Legge takpapp på 2 utspring
-
Lillehammer
-
Sunday 12. January 2025
-
-
Montere Futurehome puck til VVBElektriker koble vvb smart puck til vvb. Trenger å koble opp en Futurehome puck til vvb, se bilder. Vvb skal kobles fra vannlekksjepanelet og direkte til vvb pucken. Det er en oso med 2 varmeelemente...
-
Asker
-
Sunday 12. January 2025
-