Arkitekt, Event og opplevelse i Vestland
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Vestland
Avsluttet
HFK-16-0190 Rammeavtale for eventtenester knytt til Europeisk mobilitetsveke (EMU) i Bergen
Europeisk mobilitetsveke (emu) vert årleg markert i kring 2 000 byar i Europa frå 16. – 22. September. målsettinga er å fremme miljøvennleg transport og oppmode til å la bilen stå. i løpet av veka vil byane som deltek gjennomføre ulike arrangement for å promotere sykkel, gange, kollektivtransport og samkøyring. Eit av dei større tiltaka i veka er å arrangere «Bilfri dag», der ei gate eller eit byrom skal vere stengt for bilar ein periode. målet er å vise korleis eit sentrumsområde kan vere utan biltrafikk. Kvart år er det eit nytt slagord for emu, og i 2016 er dette «Reis smart. Det lønner seg». i Bergen er Bergensprogrammet arrangør for emu. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Hordaland fylkeskommune (hfk), Bergen kommune, og Statens vegvesen. Partane arbeider med tiltak retta mot kollektivtilbod, gang-sykkelvegar, miljøprosjekt, tiltak for betre trafikktryggleik, sentrumstiltak og nye vegprosjekt. Bergen kommune har prosjektleiaransvaret, mens hfk ved samferdselsavdelinga er ansvarleg for innkjøpet og er kontraktspart. Hordaland fylkeskommune ønskjer å inngå rammeavtale om levering av eventtenester i samband med gjennomføringa av Europeisk mobilitetsveke i Bergen. Årleg er det tre hovudaktiviteter som finn stad under emu. i tillegg må Leverandør vere førebudd på ytterlegere aktivitatetar som vert avtalt nærare i samband med planlegginga av veka. Komplette konkurransedokument finst på: (info fjernet)
Anbud id:
418601
-
Sted:Bergen
-
Registrert:Wednesday 29. June 2016
Er du interessert i dette oppdraget?
Lignende oppdrag i Vestland
1 anbud
-
Befaring på stort renoveringsobjektØnsker prisanslag på totalrenovering av en stk 90 m2 leilighet og etablering av en 65-90 m2 kjellerleilighet. Eiendommen ligger ikke på det åpne markedet og dette gjøres ifm privatvisning. Det må grav...
-
Bergen
-
Sunday 15. December 2024
-