Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Intensjon - Kjøp av drivstoff i Møre og Romsdal

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Møre og Romsdal
Avsluttet

Intensjon - Kjøp av drivstoff

Volda og Ørsta Reinhaldsverk iks har tidlegare gjennomført konkurranse om rammeavtale for levering av diesel med tankanlegg på oppdragsgjevar sitt anlegg i Torvmyrane, Hovdebygda.
Leverandør her var yx Energi. Denne rammeavtalen er no utgått. Selskapet til oppdragsgjevar skal legge om drifta med etablering av nytt anlegg på Melsgjerdet.
Dette vil truleg være klart i løpet av 1-2 år. Oppdragsgjevar ynskjer å vidareføre dagens avtale med leverandøren yx fram til etablering av nytt anlegg er ferdig, og vil då kjøre konkurranse for levering av tankanlegg og dieseldrivstoff med levering på det nye anlegget.
Estimert samla volum ligg årleg mellom 80-110. 000 liter diesel (blank/farga) pr år.
Ein vel å kunngjere slik intensjonsavtale for å sjå om marknaden har motføresegner til ei slik handtering.
Oppdragsgjevar finn det lite teneleg å gjennomføre vanleg anskaffing i og med at dagens leverandør har tankanlegg i drift hjå oppdragsgjevar.
Teke i betraktning at avtalen skal gjelde 1-2 år vil det slik oppdragsgjevar ser det, være vanskeleg å sikre like konkurransevilkår, då etablering av slikt tankanlegg truleg inneber kostnader som vanskeleg kan hentast inn att på så kort tid.
Dersom nokon har motsegner eller spørsmål til dette, skal desse meldast til kontaktperson snarast utan ugrunna opphald. får ein inn motsegner vil oppdragsgjevar gjennomføre anskaffinga på vanleg måte.
Ny anskaffing for rammeavtale for levering av diesel gjennom tankanlegg på Melsgjerdet vil bli gjennomført innan to år.
Ein slik avtale vil kunne gjevast lengd som gjer kostanden med utplassering av nytt tankanlegg rekningssvarande for tilbydarar.
Anbud id:
568454
  • Sted:
    Ørsta, Volda
  • Registrert:
    Thursday 14. February 2019
Er du interessert i dette oppdraget?

Lignende oppdrag i Møre og Romsdal

6 anbud