IT/Web og Support i Vestland
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Vestland
Avsluttet
Intensjonskunngjering, anskaffelse av support på OpenAM
Id-porten er ein felles infrastruktur for å logge inn til offentlege tenester. Med id-porten er det lagt til rette for at innbyggarane sjølve kan velje kva elektroniske id dei sjølve ønskjer å nytte. Det er mogleg å logge inn med elektronisk idu frå MinID, BankID, Buypass og Commfides.
id-porten sin autentiseringsløysing nyttar OpenAM som fødereringsplatform. OpenAM er tett integrert i komponentar som er utvikla internt i Difi og det er gjort modifikasjonar i OpenAM-koden. Gjennom utvikling av id-porten har Difi opparbeida seg høg kompetanse på OpenAM produktet. i tillegg til internoppgåver har Difi bistått andre statlege verksemder som har hatt behov for OpenAM kompetanse.
OpenAM er ei vidareføring av Sun Microsystems sin OpenSSO. Utvikling og vidareutvikling av OpenAM er styrt, drifta og eigd av ForgeRock.
Difi ønskjer å inngå kontrakt med Forgerock om supportavtale for OpenAM. Forgerock styrer og administrerar utviklinga av OpenAM, og har ein unik kompetanse til å tilby support til systemet. Kompetanse om og tilgang til oppdateringar og feilrettingar er viktig for at Difi skal kunne oppretthalde ei god løysing. Korleis OpenAM vil fungere i framtidige versjonar, og korleis det vil fungere i lag med andre produkt er informasjon som Difi treng for å sikre at vi kan vere tidleg ute med å tilby nye funksjonar. Dette er også informasjon vi treng for å liggje i forkant av tenesteeigarane vi leverar pålogging til.
Den kompetansen Forgerock tilbyr er ikkje allment tilgjengeleg. Vi har frå før rammeavtalar med leverandørar av OpenAM-konsulentar som bidreg i utvikling og implementering av nye løysingar. Det vi treng er tilgang til kunnskap som er intern i Forgerock og som omfattar både spisskompetanse og rask tilgang til oppdateringar og feilrettingar. Difi treng tilgang til Forgerock sin ekspertkompetanse i einskilde situasjonar.
Vi meiner at ein supportavtale vil gjere at Difi kan liggje i forkant med vår eiga utvikling av id-porten og i forkant av tenesteeigarane si utvikling.
Oppsummering av Difi sine behov:
Vi har følgjande krav og behov til leverandør av supporttenester på OpenAM produktet:
- Tilgang til dokumentasjon på software, hotfixar og kritiske patchar knytt til OpenAM.
- Tilgang til og varsling når det kjem Hotfix-ar og kritiske patchar knytt til OpenAM
- Varsling ved kritiske eller sikkerheitsrelaterte hendingar knytt til OpenAM,
i tillegg er det eit krav at Difi på ved akutte hendingar må kunne bestille spisskompetanse på OpenAM. Innleige av spisskompetanse kan også omfatte bistand til andre offentlege verksemder som Difi har samarbeidsavtale med.
? Avtalen skal ha varigheit på 2 år. Etter 2 år går avtalen over til løpande avtale med automatisk fornying kvart år.
Det er teke sikte på å inngå avtale etter 24. 06. 2013 kl. 1300. Dette gjev ei karenstid på 12 dagar.

Anbud id:
254961
-
Sted:Sogndal
-
Registrert:Tuesday 11. June 2013
Er du interessert i dette oppdraget?