IT/Web og Support i Vestland
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Kommune-app - marknadsdialog
Sunnfjord kommune (oppdragsgivar) inviterer moglege leverandørar av app som kan nyttast til kommunikasjon med innbyggarane i kommunen til marknadsdialog. Kommunen ønsker å undersøke om ein kommuneapp vil bidra til at vi kan få ein meir effektiv kommunikasjon med innbyggarane og besøkande i kommunen. Appen må ha intergrasjonsmogleigheiter til sentrale system som kommunen nyttar, som til dømes acos. Leverandørar som melder interesse vert invitert til ein-til-ein dialogmøte på inntil to timar. Vi avtalar dag og tidspunkt etter kvart som vi mottek påmeldingar til marknadsdialogen. i møtet legger vi opp til at leverandøren held ein presentasjon som svarar ut formålet med marknadsdialogen. Kommunen vil stille relevante spørsmål. Leverandørane vert bedt om å sende sine presentasjonar og annan dokumentasjon i etterkant av dialogmø(info fjernet) legg til at deltaking i marknadsdialog forpliktar verken leverandør eller oppdragsgivar til innkjøp. Marknadsdialogen er ikkje ein del av eit eventuelt innkjøp. Send påmelding til (info fjernet) innan 6. Oktober 2023. Eventuelle spørsmål kan rettes til same e-postadresse. Ved påmelding oppfordrar vi leverandørane til å sende ønska dag og tidspunkt for møte i veke 42 eller 43.
-
Sted:Sunnfjord
-
Registrert:Thursday 28. September 2023