Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Elektriker i Oslo

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Oslo
Avsluttet

Nytt kjøkken, nye stikkontakter

Sikringsskap er plassert i korridor ved sida av inngongsdør. Hovudsikring: 50A kjØkken: Eksisterande kursar for kjøkkenet: - Komfyr 20A - Oppvaskmaskin 10A - Lys og varme kjøkken/matstove/soverom: 16A Last utanom kjøkkenet på kursen for lys og varme: - Matstova: panelomn og taklampe - Soverom: taklampe, sengelamper, klokkeradio (ingen omn). Noverande kjøkken skal fjernast; delar av det elektriske arbeidet bør kunne gjerast før nytt kjøkken vert sett opp dersom dette er mest tenleg. Vi reknar i utgangspunktet med at ny oppvaskmaskin og nytt kjøle/fryseskap kan bruke same kontakter/kursar som dei noverande. Komfyr skal erstattast med induksjonstopp, integrert steikeomn og integrert mikrobølge/varmluftsomn. Dette vil truleg innebere ny kurs som vonleg kan gå i eksisterande trekkerøyr for komfyr. (Om ny kurs må trekkast ope er det til å leve med.) Det skal monterast komfyrvakt. Punkt over komfyr som tidlegare hadde effektmålar kan truleg nyttast til dette. Lys (fortrinnsvis led) skal monterast under overskap -- 2 meter (over vask) + 1 meter. Vi tenker i utgangspunktet overflatemontert lys. Noverande lys under overskap får straum frå eit punkt over vasken som vi reknar med òg kan nyttast til nytt lys. Det skal Monterast 2 doble uttak under overskap. Desse skal vere kopla på ein brytar slik at ein ved å slå av denne brytaren sørger for at alle «lause» elektriske apparat er utan straum. Ny lampe skal monterast i tak. Eksisterande brytar for lys i tak/under overskap skal skiftast. Ny ventilatorhette skal koplast til. andre stader: Bortsett frå «Stikk i bod» (10A) er alle aktuelle kursar 16A. Kontor: Erstatte/utvide dobbelt uttak til 10 uttak. (Ujorda) Nye uttak kan plasserast der eksisterande uttak er. Bod: Erstatte eksisterande (øydelagt) lysarmatur i tak med ny, enkel lysarmatur. Stove: Erstatte/utvide dobbelt uttak til 8 uttak. (Ujorda) Nye uttak kan plasserast der eksisterande uttak er. Setje opp nytt dobbelt uttak om lag 2. 5 meter langs golvlist frå eksisterande uttak. (Ujorda) Matstove: Setje opp nytt dobbelt uttak om lag 1 meter langs golvlist frå eksisterande straumtilførsel for panelomn. (Jorda) Soverom: Flytte dobbelt uttak (ujorda) frå 20cm over golv ned til golvlist.
Anbud id:
344113
  • Sted:
    Oslo
  • Registrert:
    Monday 9. February 2015

Lignende oppdrag i Oslo

6 anbud