Catering, Event og opplevelse, Utleie i Oslo
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Oslo
Avsluttet
Open anbudskonkurranse - Leige av lokale til Styringskonferansen 2017 og Styringskonferansen 2018
1. Januar 2004 blei Senter for statleg økonomistyring (ssØ) etablert som eit forvaltingsorgan underlagt Finansdepartementet. Verksemda endra namn til Direktoratet for økonomistyring (dfØ) 14. November 2011. dfØ har som oppgåve å styrkje den statlege økonomistyringa og forbetre ressursutnyttinga på området. dfØ er rådgivar for sentrale myndigheiter innanfor statleg økonomistyring og utfører forvaltingsoppgåver for alle statlege verksemder. Hovudoppgåvene til dfØ er å forvalte og formidle kunnskap om etterleving av økonomiregelverket i staten, forvalte konsernsystema for statsrekneskapen og statens konsernkontoordning og levere økonomitenester, inkludert lønns- og rekneskapstenester, til om lag 70 prosent av dei statlege verksemdene. dfØ har òg som oppgåve å gjennomføre analysar og utgreiingar som skal danne grunnlag for å utvikle statleg styring. dfØ er organisert i følgjande avdelingar: forvaltings- og analyseavdelinga (som dette oppdraget er knytt til), rekneskapsavdelinga, lønnsavdelinga, it-avdelinga og stabsavdelinga. Til saman har dfØ om lag 370 tilsette. Meir informasjon om dfØ og organisasjonen vår finn du på (info fjernet). dfØ skal arrangere to heildagskonferanser: Styringskonferansen 2017 og Styringskonferansen 2018. Desse konferansane skal vere i Oslo, og lokala skal vere i gåavstand frå Oslo sentrum. Konferanselokalet må kunne ta imot minst 700 deltakarar samtidig i ein plenumssal. Vi ønskjer (helst) skoleoppsett i plenumssalen. Konferansane vil berre ha plenumssesjonar – truleg mellom åtte og tolv innslag av varierande lengd og innhald. Det må vere plass til eitt sett med standar utanfor plenumssalen – truleg mellom fem og sju standar. Straum må vere tilgjengeleg for alle standane. Konferansane vil vare frå klokka 08. 00 til klokka 20. 00. Det vil vere nødvendig med rigging og hjelp til rigging på dagtid ein dag før konferansen, eller eventuelt om ettermiddagen, frå klokka 16. 00 til klokka 21. 00, og nedrigging frå ca. Klokka 18. 00–20. 00 på arrangementsdagen. Nok mannskap til å rigge stolar, bord, standar, innsjekking o. a. må vere tilgjengeleg. Profesjonelt personell og utstyr for lyd og bilete, inkludert opplegg for filming, må vere tilgjengeleg under rigginga og under sjølve konferansen. Vi ønskjer at design av lokale med blomar, tv-skjermar for å vise løpande presentasjonar med meir skal vere inkludert. Servering: kaffi, te og vatn til pausar, frukt om morgonen, lunsj til alle deltakarar, snittar/rundstykke tidleg på ettermiddagen og ståande buffet med fingermat til om lag 400 deltakarar på sein ettermiddag. Vi ønskjer òg hjelp knytt til gjennomføring av lyd-/biletdrift under konferansen og ei oversikt over miljøprofilen til leverandøren.
Anbud id:
392377
-
Sted:Oslo
-
Registrert:Friday 22. January 2016
Er du interessert i dette oppdraget?
Lignende oppdrag i Oslo
3 anbud
-
Fotograf (bryllup)Vi søker en engasjert hobbyfotograf til å dokumentere vår bryllupsdag. Dato: Fredag 31. Mai 2025 Sted: Voksenåsen hotell, Oslo Tidsramme: kl. 15: 00 - 19: 00 (4 timer)
-
Oslo
-
Saturday 25. January 2025
-
-
Rydde etter bryllupsfestVi skal gifte oss 28. Juni 2025 og har leid et lokale i Oslo i den anledning. Lokale er på omtrent 200 kvm og skal ryddes og settes tilbake i den standen vi leide det. Det trengs ikke å rengjøres, me...
-
Oslo
-
Thursday 23. January 2025
-
-
Trenger servitør i Oslo den 19.01.2025Hei, Vi trenger to servitørerer til en middag i Oslo. Det blir totalt 40 gjester. Trenger hjelp med å gjøre klar og servere forrett og dessert. Selve hovedretten legges til rette for at gjestene kan...
-
Oslo
-
Monday 13. January 2025
-