Arkitekt i Vestland
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Prosjektering flaumsikring Storelva i Utvik
Etter flaumen i 2017 vart Utvik sentrum sikra mot 200 årsflaum med klimapåslag. Faresonekart for skred i bratt terreng syner at store områder langs Storelva ligg innanfor faresone 1/1000. Dette gjer at bustad som vart skadd og fråflytta under flaumen ikkje kan flyttast tilbake til, og at område kan ikkje nyttast til bustadutvikling før området er vidare sikra. Prosjektet skal utgreie tiltak mot flaumskred i Storelva i Utvik, plassering av tiltak, og prosjektere utgreia tiltak. Utgreiing av tiltak med prosjektering skal være grunnlag for utarbeiding av komplett konkurransegrunnlag for utlysing av gjennomføring av tiltaket. Tilbydar skal utarbeide komplett konkurransegrunnlag. Prosjektert tiltak skal sikre Utvik sentrum og sideareal til Storelva i høve flaumskred. Prosjektert tiltak skal være av slik art at det kan byggjast bustadar og næringsverksemder i samsvar med kommunedelplan og reguleringsplanar i Utvik.
-
Sted:Stryn
-
Registrert:Thursday 9. May 2024