Rammeavtale for innleige av serviceteknikar til Skyss
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Avsluttet
Rammeavtale for innleige av serviceteknikar til Skyss
Skyss er ein del av Hordaland fylkeskommune og vart oppretta i november 2007. Skyss organiserer nesten all kollektivtransport i fylket, etter dei budsjetta som politikarane vedtek. Skyss tildeler kontraktar for køyring av buss, bybane, snøggbåt og ferjer i Hordaland til trafikkselskap etter konkurransar. Skyss planlegg rutene, måler kvaliteten i tilbodet og følgjer opp trafikkselskapa. Informasjon om og marknadsføring av buss, bybane og nokre båtsamband er Skyss sitt ansvar. For ferjekontraktane og nokre av snøggbåtkontraktane er dette den einskilde operatøren sitt ansvar. Kundesenteret og rutetelefonen 177 tek imot og følgjer opp kundane sine førespurnader om både buss, bane, snøggbåt og ferje. Det er Skyss sitt ansvar å setje i verk vedtekne strategiar og tiltak for å nå dei politiske måla for kollektivtrafikken i Hordaland. i åra som kjem blir ei sentral oppgåve for Skyss å forbetre og vidareutvikle kollektivtilbodet i fylket. Eininga Teknisk drift er underlagd ressursavdelinga i Skyss. Teknisk drift er ansvarleg for den daglege tekniske drifta av Skyss sitt utstyr i og på køyretøy, fartøy, haldeplassar og terminalar, og har som hovudansvar å syte for at mellom anna billettsystem og sanntidsinformasjon er både operativt og velfungerande. Teknisk drift utførar i hovudsak oppgåvene sine i eigenregi, med eigne tilsette. føremålet med anskaffinga er å inngå ei rammeavtale som Skyss kan gjere avrop på når ein treng å supplere dei ressursane organisasjonen sjølv har innan service, vedlikehald og reparasjonar, samt installasjon og demontering av utstyr, til dømes i samband med mellombels fråver (sjukdom, ferie, permisjonar osb.) og arbeidstoppar. Oppgåvene krev at serviceteknikarane som Skyss leiger inn er elektrofagarbeidarar. Skyss vil sjølv stille med køyretøy, verktøy, materialar, verkstadsplass, garderobe og arbeidstøy. Oppdrag for Skyss krev spesialopplæring i Skyss sitt utstyr, og Skyss kan ikkje nytte personar utan slik opplæring. Det er eit sentralt føremål med anskaffinga å knyte til seg ein leverandør som kan organisere seg slik at to personar vil kunne få opplæring i Skyss sitt utstyr og vere tilgjengeleg for oppdrag i heile avtaleperioden.
Anbud id:
326643
-
Sted:
-
Registrert:Tuesday 30. September 2014
Er du interessert i dette oppdraget?
Lignende oppdrag i
6 anbud
-
Legge lyddempende plater i 20m2 tak av murDet skal legges 20m2 med dobbelt gipsplater i et tak av mur. Det skal monteres Senor Omega dempeklosser (60 stk.) og lektes med 30x48mm justert furulekte. Det skal listes med standard taklist hele vei...
-
Sandefjord
-
Tuesday 11. February 2025
-
-
Bytte kjøkkenkranHei. Har kjøpt en ny kjøkkenkran som jeg ønsker hjelp til å bytte ut. Slangene som fulgte med var for korte, så trenger evt nytt til dette også. Det jeg har sirkla rundt er delen som er for korte på...
-
Oslo
-
Friday 7. February 2025
-
-
Listing av vegg absorbenter BergenHei Har en jobb på ca 900 m2 veggabsorbenter, som skal listes rundt med 25/25 mm vinkelist. må gjæres i hjørner. Ca 220 stk totalt, med ulike mål Skal startes snarest og beregnet ferdig ila 4 - 5 uk...
-
Osterøy
-
Tuesday 11. February 2025
-
-
Husvask innvendigØnsker vask av leilighet innvendig : tak, vegger, inni skap kjøkken, bad og soverom. Ca 85 kvadrat.
-
Horten
-
Tuesday 11. February 2025
-
-
Lekasje på pinjong/bakakselBilen er en 81 Corvette med 350 motor og kasse
-
Bærum
-
Tuesday 11. February 2025
-
-