Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Entreprenør, Maskinentreprenør i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Rammeavtale for veg, fjell og grunnarbeid

Kvam herad ønskjer å inngå rammeavtaler for innkjøp av tekniske handverkstenester. Eit av føremåla med å etablere slike rammeavtalar er å sikre effektivitet i innkjøpsprosessane. Det er vidare eit mål at rammeavtalane skal sikre stabilitet og gje føreseielege rammar for Kvam herad og leverandø(info fjernet) vert avhalde informasjonsmøte om avtaleområdet via teams 5 juni 2024 kl. 10: 30. påmelding til møte vert sendt ut via Mercell til registrerte tilbydarar/tilbydarane som har meldt interesse. Oppdragsgivar vil orientera om konkurransegrunnlaget, kravspesifikasjonar og forventningar til gjennomføring av oppdrag. Denne rammeavtalen omfattar entreprenørarbeid innan fagområda veg, vatn, avløp og fjellarbeid mm. Arbeidsoppgåver : Rigging, drift, nedrigging og opprydding. Fundamentering, planering og generelt gravearbeid. Masseutskifting og handtering av jord- og steinmassar. Boring, sprenging og pigging av fjell og handsaming av fjellmassar. Omlegging og nyanlegg av vegar og parkeringsareal. Oppsetjing av natursteinsmur. Utbetring av sig i vegbanen eller areal. Opparbeiding av grøfter for vatn og avløp og anna infrastruktur i og utanfor veg i samband med t. d. Vasslekkasjar eller mindre prosjekt som: omlegging av leidningar, sanering og nyanlegg. Nedsetjing og utskifting av kummar for overvatn, vatn og avløp. Maskinleige for arbeidetSikring av arbeidsstad, arbeidsvarslingsplanar. Transportoppdrag av mellom anna jord, singel, grus og stein, og anna tilleggsutstyr knytt til avtaleområdet.“Mini konkurransar” innan fagområda utført som totalentreprise etter NS8407 eller som utføringsentreprise etter ns 8406. Rammeavtalane er tenkt å skulle dekke hovuddelen av oppdragsgjevar sine kontinuerlege behov for dei tenester som er omhandla i denne konkurransen. Kvam herad skal ha ei rett, men inga plikt til å nytte rammeavtalane. Oppdragsgivar legg opp til at det i avtaleområde veg, fjell og grunnarbeid kan tildelast rammeavtale til minimum 3 leverandørar og maksimum 7 leverandørar, føresett at det i konkurransen kjem eit tilstrekkeleg tal eigna tilbod frå kvalifiserte tilbydarar. Dersom det er mindre enn 3 tilbydarar vil ein likevel vurdere å etablere rammeavtalar med 1 eller 2 leverandørar, der dette er hensiktsmessig. Rammeavtalen har ein kontraktperioden på 2 år. Forventa startstidspunkt for kontrakten er 21. 06. 2024. Oppdragsgivar har opsjon på forlenga avtalen på likelydande vilkår med inntil 1 + 1 år. Maksimal avtaleperiode er 4 år.

Anbud id:
943676
  • Sted:
    Kvam
  • Registrert:
    Saturday 22. June 2024