Entreprenør, Snekker i Vestland
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Vestland
Avsluttet
Rehabilitering Fjell Kyrkje
Øygarden kommune skal på vegne av Øygarden kyrkjelege fellesråd rehabilitere Fjell kyrkje. Fjell kyrkje er listeført hos riksantikvaren, og er også den eldste av kyrkjene i kommunen. i kulturminneplanen til kommunen er Fjell kyrkje vurdert til å ha svært høg verneverdi. i tillegg til at kyrkja isolert sett er eit verna bygg, utgjer ho eit sentralt element i det historiske kulturmiljøet på Fjell gard, som har vore kyrkjestad og eit sentrum i soknet sidan 1300-talet. Bygningsvernet vil derfor være sentralt i alle omsyn og samlege fag gjennom heile prosjektet. Fjell kyrkje blei teikna av Conrad Fredrik von der Lippe og stod ferdig vigsla 28. August i 1874. Kyrkja er ei langkyrkje i tre, og ligg plassert i lengderetning nord-nordøst til sør-sørvest på Fjell gard i Øygarden kommune. Kyrkja sitt tårn ligg i den nordre enden av kyrkja, og koret er rett avslutta og flankert av sakristia. Vinkelrett på møneretning går ein tverrfløy med menighetshus i retning vest ved skipets sørende. Kyrkjelydsalen er teikna av Torgeir Alvsaker og Einar Vaardal- Lunde og stod klart i (info fjernet) har vore gjennomført ulike tilstandskartleggingar av Fjell kyrkje, der ein har kartlagt skadar på kyrkja. Kyrkja har behov for tiltak som mellom anna inneber følgjande: - riving og omlegging av tak og bere-konstruksjon, -utbetring av klimaskall og laftekasse.-rehabilitering og oppgradering av vindauger. Omfanget er nærare beskrive i konkurransegrunnlaget del ii. Rehabiliteringa er organisert som ei generalentreprise etter ns 8405. Generalentreprenør skal levere alle naudsynte fag for ei komplett utføring. Dette inneber mellom anna faga tømrar, taktekkar, malar, glas og vindauge, varme og ventilasjon. Generalentreprenør skal elles også inneha rolla som utf etter pbl. Tiltakshavar har tidlegare engasjert ei prosjekteringsgruppe frå Multiconsult som har hatt og vil ha det vidare ansvaret for prosjektering. Multiconsult vil ha også ha sØk rolla etter pbl. Tiltaket vil verte omsøkt iht. pbl, og ein føreset at godkjenning etter denne ligg føre innan planlagd oppstart-juni 2023.
Anbud id:
850870
-
Sted:Øygarden
-
Registrert:Saturday 25. February 2023
Er du interessert i dette oppdraget?
Lignende oppdrag i Vestland
5 anbud
-
Skyvedører på terrasse i øygardenØnsker å bytte ut dobbel dør til skyvedør. Vi reiser den 22 januar og er tilbake 26 mars. Er det mulig å komme på befaring før den 22 Januar?
-
Øygarden
-
Saturday 11. January 2025
-
-
Male 2-4 stk soveromMaling av vegger på soverom. Ett på 12, 4kvm og tre soverom på 10kvm. Takhøyden på største soverom er 2, 70, takhøyde 2, 40 på de andre. Alle soverommene har ett vindu på 190*90 og en standard dør...
-
Øygarden
-
Wednesday 8. January 2025
-
-
Skifte terrassedør, utgangsdør og 3 vinduEn utgangsdør i nede etasje må byttes (er råtten) Terrassedør på soverom og 1 vindu på samme rom må skiftes (blåser kald luft gjennom her når det blåser ute) Lite vindu i nede etasje på bad må skiftes...
-
Øygarden
-
Sunday 5. January 2025
-
-
Montering av gipsplater pluss sparkle og maling 223 kvadra. Montering av laminatgulv i 3 rom 50 kvm.- Forberede veggene ved å fjerne listene fra vinduer, dører, gulv og tak. -Installere plater, sparkel, maling. -Installerer tilbake listene Montering av laminatgulv i 3 rom 50 kvm. Prosjektet er...
-
Øygarden
-
Friday 3. January 2025
-
-
Lage parkeringsplass ca 5 X 10 meterGrave vekk jord og fylle opp med stein. Planere med vei grus
-
Øygarden
-
Friday 27. December 2024
-