Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Arkitekt, Betong, Elektriker, Entreprenør, Gulv, Maler, Maskinentreprenør, Murer, Riving, Rørlegger, Snekker, Ventilasjon i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Skogatufto barnehage - rehabilitering og tilbygg

Skogatufto barnehage er bygd ut i fleire omgangar. Hovedbygget er frå 1973 med tre seinare tilbygg. Dette prosjektet omhandlar innvendig rehabilitering / ombygging av hovedbygget og nytt tilbygg i ein etasje med direkte samankopling til hovedbygget. Prosjektet er ikkje definert som hovedombygging. Tilbygget skal på alle områder tilfredstilla krava i tek 10. Innvendig renovering / ombygging skal utførast etter dagens krav til standard (tett opp til krava i TEK10) Totalentreprenøren må gjera seg kjent med desse krava og allereie på anbodsstadiet dokumentera at dei vil verta oppfylt. Nytt tilbygg vil, mellom anna, innehalde nye personalgarderobar m/ Universell Utforming (uu) dusj – og wc, felles uu wc, samt grov – og fingarderobar for born. Tilbygget medfører også utvendige aktivitetar som bygging av ny forstøtningsmur, riving og flytting av deler av eksisterande gjerde. Rehabilitering av hovedbygget, gjeld mellom anna, utviding av eksisterande kjøkken med nytt spiserom, utbedring av vaskerom, ny himling, nytt golvbelegg og nye plater på veggar med mur og panel i korridorar og fellesareal og riving av eksisterande vegger. Nytt uu stelle/wc og stelle wc for born. Utskifting av innvendige dører, nye te-kjøkken på basane og ny foldevegg mellom bråk/kvilerom 106 og 107 og mellom rom 140 og 130. Prosjektet skal leverast komplett ferdig og totalentreprenøren er ansvarleg for samtlege fagområder.
Anbud id:
410858
  • Sted:
    Stord
  • Registrert:
    Thursday 19. May 2016

Lignende oppdrag i Vestland

4 anbud