Elektriker i Rogaland
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Rogaland
Avsluttet
Utbetring etter tilsyn, samt diverse installasjon
(nb! Beskriving av jobben ligg òg som vedlegg)
oppdrag del 1) utbetringar etter tilsyn frÅ netteigar
11 meknadar. Sjå vedlegg (Rapport)
Kommentarar til tilsynsrapport: 1) Litt brokete kurs, lys kjøken, gang, ute. Kan ha med jordfeil i garasje/ytre veggpunkt som er eksponert for ver og vind å gjere.
2) Gjelder utviding av kurs (Sjå e under oppdrag 2)
3) Her er det sikkert påkravd å gjere om på den eine kontakten, som nok er heilt forskriftsmessig innstallert. Viss ein ser på effekt på kokeutstyr, kunne kursen kanskje vore byta ut til 30A
4) Feste av boks er utbedra, festa med kiler og tokomponent epoxy.
5) Underdimensjonert ledning til lys over speil/lysbrytar.
6) Kan vere jordkabel rett og slett ikkje er montert?
7) Er utbedra. Vaskemaskin var kopla til via "padde". Er byta ut med pkt-pkt skøyteledning.
8) Hovudkabel inn/stålboks. Blei sagt måtte kappast/skøytast. Varmgang skuldast trulig lynnedslag for nokre år sidan, som slo ut sikringane i boksen.
9) Kontaktpunkt/lys kjellerstove der kablar er løsna og festa noko rufsete. Kan med fordel berre koplast frå. (byggeprosjekt).
10) Innvendig/utvendig punkt pluss lysbrytar kan nok sjåst over. Punkt ute må uansett skiftast, og er nok heller ikkje montert fagmessig.
11) Blir vel løyst ved installasjon av automatsikring med jordfeilvern.
oppdrag del 2) diverse innstallasjon
a) Utskifting av gamle skrusikringar til automatsikringar m/jordfeilsikring, på din-skinner i eksisterande skap. Det er frå før lagt inn to automatsikringar for to nyare kursar i kjeller, og nye automatsikringar må gjerne vere av same type/merke som desse. (Sjå bilete i vedlegg.)
b) Tilkopling av to nye kursar i stove, som er ferdig lagt opp og ført inn i sikringsskap, men ikkje kopla til pga. Plassmangel. Plass vil bli frigjort ved byte til automatsikringar. (Ein kurs til 7 takspottar som er montert / Ein kurs til 5 takspottar som er montert + 3 gulvpunkt) Stikkontaktar til gulvpunkt manglar + to dimme-brytarar og ein dobbel lysbrytar for spottane, monterast i trippelboks/-panel.
c) Utviding av eksisterande kurs med 3 kontaktpunk, som allereie er lagt opp. Kursen er 16A u/jord, og nyinstallasjon fordrar vel at heile kursen blir lagt om til jorda kurs. (2 eksisterande kontaktpunkt gulv + 1 loft)
d) Utviding av eksisterande kurs med 2 kontaktpunk, som allereie er lagt opp. Kursen er 16A u/jordt til kontakt, og nyinstallasjon fordrar vel at heile kursen blir lagt om til jorda kurs. (1 eksisterande kontaktpunkt gulv)
e) Utviding/omgjering av eksisterande kurs med 3 kontaktpunk og lysbrytar for takpunkt, som allereie er lagt opp. Kursen er 10A delvis jorda, og nyinstallasjon fordrar vel at heile kursen blir lagt om til jorda kurs. Det er ønskeleg at kursen blir lagt om til 16A (Diverse eksisterande punkt lys kjøken (4), gang (4), ute/garasje (3))
Jobben kan godt delast i to, der utbetring av tilsynsmerknadar har prioritet.
Eg vil gjerne ha eit prisestimat på jobben.
Anbud id:
474508
-
Sted:Time
-
Registrert:Wednesday 28. June 2017
Er du interessert i dette oppdraget?
Lignende oppdrag i Rogaland
1 anbud