Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Arkitekt, Elektriker, Entreprenør i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Utbygging av mobildekning

Vaksdal kommune ligg sentralt til mellom Voss og Bergen. Stamvegen mellom Bergen og Oslo, E16 går gjennom store delar av kommunen og gjev effektiv kommunikasjon mot aust-vest. Vaksdal kommune har eit areal på 738 km² og er 5. Største på areal i Hordaland fylke, og har 4173 innbyggjarar. Naturen i Vaksdal varierer frå høgfjell og dalar til djupe fjordlandskap.
i delar av kommunen er det i dag manglande mobildekning med bakgrunn i utfordrande fjell- og fjordlandskap.
Store delar av Eksingedalen samt Nordgrend (nordsida av Osterøy v/Stamnes) er i dag utan mobildekning. Desse områda er ikkje aktuelle for privat utbygging. både husstandar, næringsliv og offentleg drift vil verta dekkja av ei utbygging i desse områda.
Mobildekning er i dag ein føresetnad for busetjing, utvikling og vekst. i Vaksdal Kommune er det fleire område utan mobildekning. Manglande mobildekning er krevjande for fastbuande i eit moderne samfunn basert på tilgang til denne type infrastruktur.
Mobildekning for alle innbyggarar er i dag eit nasjonalt mål. Manglande dekning for mobil er utfordrande for eksisterande næringsliv og kan hindre vidare utvikling og vekst i bygdene.
God infrastruktur i form av god mobildekning og breiband kan legge til rette for å etablere bedrifter og arbeidsplassar i bygdene våre.
For den kommunale tenesteproduksjon er manglande mobildekning ei utfordring. Barnehagen, barne- og ungdomsskulen i Eksingedalen har i dag ikkje mobildekning. Kommunale- og fylkeskommunale vegar er utan dekning. Omsynet til beredskap i desse områda veg og tungt for kommunen.
målsetjinga til Vaksdal kommune med anbodet er å gjennomføra utbygging for å sikra mobildekning for alle innbyggjarar og næringsliv i dei områda som er inkludert i konkurranegrunnlaget.
Vaksdal kommune ynskjer leverandørar som aktivt bidrar til å oppnå alle målsetjingar innanfor dette konkrete prosjektet og dei gjeldande områda.
Anbud id:
182215
  • Sted:
    Vaksdal
  • Registrert:
    Friday 10. February 2012