Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Arkitekt, Entreprenør, Maskinentreprenør i Møre og Romsdal

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Møre og Romsdal
Avsluttet

Vatn og avløp overøye/langsætrane

Etter ei gradvis utbygging av området mellom Almås og Langsætrane der ein har nytta tett tank og kvar enkelt har sytt for vassforsyning er vi no komne så langt at kommunalt nett må byggast ut. Øravatnet vest for alpinanlegget er utpeika som vassforsyningskjelde. Stordal alpinanlegg skal også ta vatn her for produksjon av snø, og dei vil kome med innspel til plassering av trase gjennom alpinanlegget. Vi ser derfor for oss å gå med felles leidning ned til tunet på Overøye der renseanlegg for vatn vert montert. på vedlagde kart finn ein den traseen som naturleg peikar seg ut for å unngå pumping, innteikna med raud strek.
Vatn og avløp er naturleg å legge i lag. i enden på raud strek mot sør er tenkt å plassere renseanlegg for avløp. Biokjemisk renseanlegg for trinnvis utbygging er ynskjeleg.
Vi ynskjer med dette å få pris på arbeid fram til ferdig anbodspapir for leidningsanlegg, renseanlegg vatn og renseanlegg avløp. i tillegg skal søknad om godkjenning av vassforsyningsanlegg og søknad om utsleppsløyve vere utarbeidd og klart for innsending til godkjenningsmynde. Det er ynskjeleg at alt dette er ferdig til (info fjernet) 2011.
Ber om at tilbod på arbeidet vert levert inn til Stordal kommune, teknisk etat, Pb 115, 6259 stordal innan mandag 05. November 2010 kl. 1300 i konvolutt/e-post merka? Tilbod Overøye/Langsætrane.
Ein tek atterhald om endeleg fullfinansiering og grunnrettar.
Anbud id:
120092
  • Sted:
    Fjord
  • Registrert:
    Wednesday 13. October 2010