Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Bedriftsrådgivning, Bemanning i Møre og Romsdal

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Møre og Romsdal
Avsluttet

Vikar- og bemanningstenester

Hordaland fylkeskommune (hfk) og Sogn og Fjordane fylkeskommune (sffk) skal inngå ny avtale om vikar- og bemanningstenester.
føremålet med anskaffinga
føremålet med anskaffinga er å sikre tilgang til kvalifisert personell ved korttidsfråvær, ved avvikling av ferie og ved ekstraordinære situasjonar der det er påkravd å gå inn med meir ressursar enn det hkf og sffk har tilgang til sjølv på det aktuelle tidspunkt.
Oppdragsgjevar vil inngå parallelle rammeavtalar med tre leverandørar innan kvart av dei tre avtaleområda, føresett at det er eit tilstrekkeleg tal eigna leverandørar. Avtale vert tildelt for kvart avtaleområde, men ein leverandør kan likevel levere tilbod på eitt eller fleire avtaleområde. Fordelinga av oppdrag mellom rammeavtalepartane vil skje i samsvar med fordelingsmekanismen skildra i kontrakten. Rammeavtalen si lengd vil vere 2 år. Oppdragsgjevar skal ha opsjon på forlenging av rammeavtalen i ytterlegare 1 + 1 år, til saman maksimalt 4 år.
Verdien av avtala er berekna til omlag 6 mnok årleg. Bestillingsvolumet fordeler seg ca. Slik:
Merkantil/kontor/administrasjon: 2, 5 mnok, it-fagleg: 1 mnok og Reinhald: 2, 5 mnok.
Det vert understreka at oppgjeven verdi er basert på estimat frå statistikk og opplysningar frå oppdragsgjevar sine noverande leverandørar og eigne økonomidata. Det vert teke atterhald om endringar i volum, mellom anna med bakgrunn i budsjettsituasjonar som påverkar oppdragsgjevar sin aktivitet.
Omfang hfk: 6 mnok årleg
Omfang sffk: Ikkje eit stort behov i dag, men volum vil kunne auke i perioden.
For oppdrag under 3 månader:
Leverandørane vil bli rangert etter den score som vert oppnådd innan det einskilde avtaleområdet. Den leverandøren som oppnår høgast score (Leverandør 1) skal alltid kontaktast først og skal tildelast avropet dersom denne kan dekkje behovet. Dersom leverandør 1 ikkje kan dekkje behovet, vert den leverandøren som oppnådde nest høgast score (Leverandør 2) forespurt. Om denne heller ikkje kan dekkje behovet vert Leverandør 3 kontakta. Om ingen av rammeavtaleleverandørene kan levere, vil hfk kunne gå ut på den opne marknaden, jf. Innkjøpsreglane i loa/foa.
For oppdrag over 3 månader:
For leveransar med forventa varigheit over 3 månader skal minikonkurranse alltid nyttast. Dette inneber at alle leverandørar som er tildelt rammeavtale på aktuell kategori får høve til å levere tilbod på den konkrete førespurnaden.
Minikonkurransen vert gjennomført på grunnlag av følgjande tildelingskriterium:
Kompetanse og erfaring på tilbydd ressurs
Responstid/Leveringstid
Vekting av tildelingskriteria vil variere frå minikonkurranse til minikonkurranse, avhengig av kva som vert etterspurd. Oppdragsgjevar skal og kunne gjennomføre intervju av dei ressurspersonane som vert tilbydd.
Hordaland fylkeskommune og Sogn og fjordane fylkeskommune vil frå 1. Januar 2020 inngå i ein ny region. Partane skal ha rett til å overføre heile eller deler av avtalen til den nye regionen, sjølv om det inneber at oppdragsgjevar til dømes får nytt namn og nytt organisasjonsnummer. Partane skal også ha rett til å utvide avtalen sitt omfang slik at den omfattar levering av vikar- og bemanningstenester til heile den nye regionen. Dette kan til dømes innebere fleire brukarar og eit større geografisk område for levering. Vilkåra i avtalen skal være dei same. Vi gjer merksam på at partane vil ha rett til å avslutte avtalen før utløpet av avtaleperioden dersom partane vurderer det som hensiktsmessig i samband med regionreforma.
Verdien av anskaffinga er. Det vert understreka at oppgjeven verdi er basert på estimat frå statistikk og opplysningar frå oppdragsgjevar sine noverande leverandørar og eigne økonomidata. Det vert teke atterhald om endringar i volum, mellom anna med bakgrunn i budsjettsituasjonar som påverkar oppdragsgjevar sin aktivitet.
nærare skildring av leveransen følgjer av Vedlegg a - Kravspesifikasjon.
Anbud id:
521335
  • Sted:
    Volda, Bergen Kinn, Etne, Sveio, Bømlo, Stord, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Voss, Kvam, Samnanger, Bjørnafjorden, Austevoll, Øygarden, Askøy, Vaksdal, Modalen, Osterøy, Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Gulen, Solund, Hyllestad, Høyanger, Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal, Luster, Askvoll, Fjaler, Sunnfjord, Bremanger, Stad, Gloppen, Stryn  Vis alle
  • Registrert:
    Friday 4. May 2018