IT/Web og Support i Møre og Romsdal
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Automatisering av brukaradministrasjon: Skybasert IAM-løysing
Søre Sunnmøre ikt skal på vegne av seg sjølv og sine deltakarkommunar anskaffe ei Identity Access Management (iam) -løysing. Denne skal leverast som ein skyteneste (SaaS). Anskaffinga inngår i vårt prosjekt "Automatisering av brukaradministrasjon". Prosjektet er delt inn i to gjennomføringsfasar. Anskaffing av ei iam-løysing er einaste leveranse som vert fullført i fyrste fase, og dannar grunnlaget for ei detaljplanlegging og gjennomføring av følgjande leveransar i andre gjennomføringsfase – i eit tett samarbeid med valt leverandør i denne konkurransen: 1. Automatisere brukaradministrasjon i ms Active Directory, Entra id og MS365 2. Migrere automatisert brukaradministrasjon av elevar til valt iam-løysing, og implementere nye Feide-katalogar for kommunane 3. Automatisere brukaradministrasjon i Tietoevry Gerica epj For ytterlegare informasjon, sjå ssa-l bilag 1 – kunden din kravspesifikasjon. Anskaffinga blir gjennomført i samsvar med lov 17. Juni 2016 nr. 73 om offentlige anskaffelser (loa) og forskrift 12. August 2016 nr. 974 om offentlige anskaffelser (foa) del i og del iii. Konkurransen vert gjennomført som ein konkurranse med forhandling etter føregåande kunngjering, jf. Foa § 13-1 (2).
-
Registrert:Onsdag 3. Desember 2025