Catering i Vestland
Formidlede anbud
-
0Siste år
-
0Siste 3 mnd
-
0Aktive nå
Vestland
Aktiv
Intensjonskunngjering: Tenestekonsesjon – kantine Åsane vgs og kulturhus
Vestland fylkeskommune ved Åsane vidaregåande skule ønskjer å inngå kontrakt med ein leverandør for drift av kantine ved nye Åsane vgs og kulturhus. Oppdragsgjevar vil ikkje betale tilskot eller liknande, og leverandøren er sjølv økonomisk ansvarleg for drift av kantinen. Oppdragsgjevar stiller lokalar og utstyr til disposisjon. Oppdragsgjevar ønskjer seg eit attraktivt og inkluderande kantinekonsept, både for skulelevar og andre besøkande i bygget og for kafé, servering og skjenking også ettermiddag / kveld og helgar som del av samarbeidet med Bergen kommune om seksjonen Åsane kulturhus og bibliotek. Me ynskjer å inngå avtale med Spekter Pluss as for tenestekonsesjonsavtale for drift av kantinen ved Åsane vgs og kulturhus frå august 2025 til juli 2027 med opsjon for forlenging inntil tre år. førre gong denne konkurransen vart kunngjord var Spekter Pluss as einaste leverandør som leverte tilbod. Me håpa at me skulle finna interesserte leverandørar slik at ein anbodskonkurranse kunne gjennomførast. Difor kunngjorde Vestland fylkeskommune den 24. Februar 2025 ein rfi der ein etterspurde aktørar i marknaden som kunne tilby drift av denne kantinen. Ved utløpet av fristen for å melde interesse, 10. 03. 2025, hadde Vestland fylkeskommune ikkje motteke nokon førespurnadar frå andre leverandørar som kan tilby denne tenesta. på bakgrunn av utlyst rfi 24. 02. 25 har Vestland fylkeskommune tatt ei avgjersle om å inngå ny avtale med noverande leverandør som driftar denne kantinen, Spekter Pluss as. Innvendingar mot denne tildelinga kan sendast til opk ved Andrea Celeste Jensen på e-post (info fjernet) innan 11. 04. 2025.
Anbud id:
989700
-
Sted:Bergen
-
Registrert:Tirsdag 25. Mars 2025
Er du interessert i dette oppdraget?