Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Anleggsgartner, Arkitekt, Entreprenør, Maskinentreprenør, Snekker i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Aktiv

Lærdal Bu og Omsorg - Tilbygg skjerma avdeling

Lærdal kommune skal utvide eksisterande skjerma avdeling ved lærdal Bu og omsorg med to bueiningar, personalrom med wc, skyllerom og ny inngang samt noko ombygging i eksisterande avdeling. Det vert og utomhusarbeid i samband med tilbygget med grøfter for føringar i grunnen og opparbeiding og reetablering av nærområdet samt reetablering av sansehagen. Eksisterande skjerma avdeling er frå 2005. Gjeldande reguleringsplan for området er Reguleringsplan for lærdalsøyri plan id 1971001, denne er frå 1971. tek 17 gjeld generelt som grunnlag for prosjektering og utførelse. Oppdraget skal gjennomførast som ein totalentreprise og som kontraktsgrunnlag gjeld NS8407. Prosjekteringsgrunnlaget er rettleiande, dvs at tilbydar må forhalde seg til dei overordna rammene og funksjonane som er lagt til grunn i konkurransegrunnlaget. Tilbydar/Totalentreprenøren tek over ansvaret for kontroll og vidareføring av det prosjekteringsgrunnlaget som ligg til grunn i konkurransegrunnlaget. Tilbydar/Totalentreprenøren sitt kontrollerte grunnlag er gjeldande underlag for totalentreprisetilbodet og for den vidare prosjekteringa av prosjektet. Arkitektfirma Jon Vikøren as vil ha funksjonen som ansvarleg søkar i byggefasen tom ferdigattest. Planlagt byggestart 15. 09. 2025 med ferdiggjering og overtaking 19. 06. 2026.
Anbud id:
998541
  • Sted:
    Lærdal
  • Registrert:
    Lørdag 10. Mai 2025