Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Arkitekt, Bedriftsrådgivning i Møre og Romsdal

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Møre og Romsdal
Avsluttet

2017/91 - Ringvirkningsanalyse til Kulturavdelinga

Kor stor er den økonomiske ringverknaden innan kulturområdet i møre og Romsdal, sett opp mot den samla verdiskapinga i fylket?
møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å talfeste ringverknadar innan kulturfeltet. Oppdraget er eit første steg i eit arbeid som ein tenkjer å gjennomføre i fylket dei neste åra. Kunnskapsgrunnlaget skal leggje grunnlaget for framtidig kulturpolitikk i fylket. Den som får oppdraget skal utvikle eit metodisk rammeverk som kan brukast i fleire analyser på ulike nivå i møre og Romsdal. Det blir derfor inngått avtale om opsjon for eventuelt vidare arbeid med vald leverandør.
møre og Romsdal fylkeskommune har mål om å ta i bruk ringverknadsanalyse som metode for å kartlegge kunst- og kultursektoren sin økonomiske og samfunnsmessige verknad i fylket. i analysen vil den største tyngda ligge på dei økonomiske ringverknadane. målet med analysen er å kunne vise til tal når det gjeld ringverknadene av kulturområdet sine aktivitetar, og å kunne sjå på dei kortsiktige og langsiktig effektane av kulturlivet i fylket.
Kultur er viktig i utvikling av attraktive byar og regionar, og samhandlinga mellom kultur og andre samarbeidsfelt gir synergiar i form av ulike kortids- og langtidseffektar. Korttidseffektane handlar om å tiltrekke seg menneske gjennom å gi innhald og gode opplevingar. Andre effektar er retta inn mot næring, inntening og vekst, eksempelvis kulturelle og kreative næringar.
Dei langsiktige effektane påverkar befolkninga indirekte gjennom trivsel, attraktivitet, livleg atmosfære og bulyst. Dette har igjen innverknad på urban og regional utvikling i form av å trekke til seg menneske, selskap og investorar. møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å gå nærare inn i tala som desse korttids- og langtidseffektane gjev. Ideen er at kultursektoren, på lik line som reiselivssektoren, generer inntekter ikkje berre for seg sjølv, men for anna næringsverksemd ved å trekke publikum til eit område.
Undersøkinga vil vere todelt. Den eine delen sett søkjelys på utviklingar metodar for måling av ringverknader på kulturfeltet. Den andre delen vil nytte metoden på to pilotar, for å sjå om metoden fungerer. i første omgang er det aktuelt å køyre ein pilot i Kristiansund innan det profesjonelle kulturfeltet og ein pilot retta inn mot fylket sine fire spel (Gurispelet, Giskespelet, Herøyspelet og Lady Arbutnott).
Sluttrapporten kan brukast som vedlegg til ein eventuell ny konkurranse.
Anbud id:
493070
  • Sted:
    Kristiansund, Molde Ålesund, Vanylven, Sande, Herøy (Møre Og Romsdal), Ulstein, Hareid, Ørsta, Stranda, Sykkylven, Sula, Giske, Vestnes, Rauma, Aukra, Averøy, Gjemnes, Tingvoll, Sunndal, Surnadal, Smøla, Aure, Volda, Fjord, Hustadvika, Haram, Heim, Rindal  Vis alle
  • Registrert:
    Lørdag 21. Oktober 2017

Lignende oppdrag i Møre og Romsdal

1 anbud