Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

2019-67 Program for folkehelsearbeid (FoU)

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Avsluttet

2019-67 Program for folkehelsearbeid (FoU)

1. Anskaffelsen/kontraktens formål og omfang
Prosjektet har som mål å få ny kunnskap basert på forsking i kommunane om kva arbeidsmåtar, tiltak og verktøy som hindrar utanforskap ved å fremje tilhøyrsle, deltaking og aktivitet i lokalsamfunnet. Det er eit krav at tiltaka skal ha eit element av innovasjon i seg.
Det er etablert eit regionalt samarbeidsorgan i fylket, i tråd med krava i folkehelseprogrammet. Her sitt det representantar frå høgskule og forskingsmiljø i fylket, i tillegg til leiarar frå offentlege instansar. møtet i mellom FoU-gruppa og samarbeidsorganet vil bidra til å informere, fange opp kunnskapsbehov og kople behov og FoU-miljøa.
2. Begrunnelse for unnlatelse av kunngjøring
2. 1 FoU-kontrakt
Prosjektet/anskaffinga er vurdert til å oppfylle kravet/heimelen for å kunne definerast som eit FoU-prosjekt:
- Hovudelementet i kontrakten må være forsking og utvikling
- Oppdragsgjevar betaler ikkje fullt ut for FoU-tenesta, eller FoU-tenesta tilfell ikkje oppdragsgjevaren fullt ut i hans verksemd
Det vil bli inngått FoU-kontrakt (Standardavtale for forskings- og utredningsoppdrag) mellom partane.
Unntaksbestemmelsen (§ 2-5) i Forskrift om offentlige anskaffelser antas derved oppfylt for å kunne unnlate kontrakten frå kunngjøringsplikta.
2. 2 Anskaffelses uten kunngjøring
i omtalen av Program for folkehelsearbeid i kommunene 2017-2027 (Helsedirektoratet) står det under punkt 3. 1. 4 Tiltakene skal evalueres, siste avsnitt: «Fylkeskommunen bør ha som ambisjon at evaluering av utviklingsprosjektene delvis skal finansieres i form av partnerskap med regionale forskingsmiljøer og/eller kompetansesentre, enten gjennom egen kapasitet eller finansiert fra regionale forskingsfond, Forskningsrådet eller andre». Vidare står det under punkt 3. 4. 2. Om Forskings- og kompetansemiljø: Som en del av programmets mål om å styrke det kunnskapsbaserte folkehelsearbeidet stimuleres det til samarbeid med aktuelle kompetansemiljøer både på statlig nivå og fylkeskommunalt/kommunalt nivå.»
Fylkeskommunen skal koordinere kompetansemiljøa/leverandørane, samt stå som søkjar til Helsedirektoratet ved aktuelle forskingsprosjekt. Kva for tiltak/prosjekt som er aktuelle å sjå nærare på/sette inn FoU «aktivitetar» på, må vurderast undervegs i tett samarbeid mellom fylkeskommunen, kommunane og dei valde FoU miljøa/leverandørane.
Det er usikkert kva for tiltak/FoU «aktivitetar» som kommunane vil søke om midlar til, og dermed kva for FoU miljø/leverandørar som vil vere aktuelle. Det er difor vanskeleg å konkurranseutsette eit prosjekt som er så uføreseieleg, samt inngå avtalar med eksterne FoU-miljø/leverandørar utan å kunne ha ei sterk påverknad til val og samansetning desse FoU-miljø/leverandørane.
Det er viktig å få etablert ei tverrfagleg FoU-miljø/leverandørgruppe for at Oppdragsgjevar skal oppnå beste mogleg forskings- og utviklingsresultat.
på bakgrunn av det som er gjort greie for i pkt. 2. 2 ovanfor antar Opdragsgjevar at det heller ikkje vil gje kostnads- og kvalitetsgevinstar ved å konkurranseutsetje dette FoU-prosjektet.
2. 3 Kontrakt
Oppdragsgjevar har til intensjon å inngå kontrakt på ca. nok 4 mill. Eks. Mva. Med følgjande forskings- og kompetansemiljø:
- høgskolen i Molde
- høgskulen i Volda
- Regional kunnskapssenter for barn og unge (rkbu, som ligg under ntnu)
- møreforskning
- Kompetansesenter Rus- Midt-Norge (KoRus, som ligg under St. Olavs Hospital)
Anbud id:
597616
  • Sted:
  • Registrert:
    Søndag 21. Juli 2019
Er du interessert i dette oppdraget?

Lignende oppdrag i

6 anbud