Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Arkitekt i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Anbod på arkitekt og rådgjevartenester til kyrkjesenter i voss kommune

Bakgrunn
Voss kommunestyre har gjort vedtak om å byggja kontor for prestetenesta i tilknyting til prestebustaden som nyleg er fråflytta. Nybygget vil vera på ca 400 kvadratmeter fordelt på sokkel og ein etasje, og skal planleggjast med standard som passivhus. Det skal også avklarast om massivtre kan brukast som konstruksjonar i bygget.
Prosjektering av kyrkjesenter.
Plan- og byggekomiteen er i gang med å utforma visjon og målsetting for kyrkjesenteret, og å drøfta kva innhald det skal ha i tillegg til kontor og møtelokalitetar for prestetenesta. Det er på tale å gjera prestebustaden om til eit kombinert visningssenter for Vangskyrkja og historisk materiale frå Vossevangen. Samtidig kan lokalitetane nyttast til møte og undervisning utanom turistsesongane.
Arkitekt og prosjekteringsgruppe m/prosjekteringsleiar.
Voss kommune som byggherre ynskjer å gjera avtale med arkitekt og prosjekterinsgruppe for byggfag og teknisk fag. Firmaet må i tillegg til arkitektfag, dekka interiør, akustikk og brannteknikk, eller gjera avtale om tilføring av nødvendig kompetanse.
Prosjekteringsgruppa må dekka rib, rie, riv- energi og miljøteknikk.
Dersom firmaet ikkje har alle fag, må det leggjast fram ein samarbeidsavtale med andre firma. Det er føresetnaden er at byggherren inngår prosjekteringsavtale med det firmaet som skal ha prosjekteringsleiaren.
Landskapsarkitekt for strandsoneplan og uteareal for kyrkjesenteret.
Kyrkjeområdet med Prestegarden og Holbergsplass er ein del av ein større strandsoneplan.
Tomta til Kyrkjesenteret og kyrkjeområdet skal planleggjast som eit delområde.
Landskapsarkitekt skal inngå i prosjekteringsgruppa for Kyrkjesenteret for integrert planlegging av dette.
Strandsoneplanen skal utviklast i eit strukturert og kreativt opplegg med idedugnad og etterfylgjande oppsummering. Dette blir eit eige opplegg uavhengig av arbeidet med kyrkjesenteret
Anbud id:
117077
  • Sted:
    Voss
  • Registrert:
    Fredag 24. September 2010