Combined Shape Group 13 Combined Shape anbudstorget_logo Group 2 Group 6 Path 2 shutterstock_584449174 Shape

Arkitekt i Vestland

Formidlede anbud
  • 0
    Siste år
  • 0
    Siste 3 mnd
  • 0
    Aktive nå
Vestland
Avsluttet

Anbodskonkurranse på reguleringsplan for området straumbrua småbåthamna på tolo i norheimsund

Kvam herad har sett på strekkja mellom Straumbrua og Tolo småbåthamn i Norheimsund, som eit av dei mest attraktive og framtidsretta område for bustadutvikling i Kvam. Området vart difor tatt inn som framtidig bustadområde i kommuneplanen sin arealdel i 2006.
Det vart i 2007 gjennomført mulighetsstudie av området, av tre ulike arkitektfirma. Prosjekta viser spennande moglegheiter med inntil 400 bueiningar. Studiane viser moglegheiter både for utbygging, men også for å ta vare på deler av eksisterande miljø, slik dei framstår i dag.
Studiane som vart gjennomført i 2007, skal fungere som idéskisser og grunnlag for det vidare arbeid med reguleringsplan.
Kommunen sin intensjon er at området skal framstå som eit gjennomtenkt og heilskapleg bustadområde, Kvam herad skal difor ta ansvaret med å planleggja heile strekkja. Området som skal regulerast er vist på flyfoto nedanfor.
føremålet er at området skal kunna byggjast ut etappevis og at fleire delprosjekt kan gjennomførast, som ein del av det heilskaplege bustadområde, mellom Straumbrua og småbåthamna på Tolo.
Strekkja mellom Straumbrua og Tolo småbåthamn er i dag ei blanding av bustadhus, butikkar, naust og småbåthamn. Området er avgrensa på ei strekkje mellom Rv 7 og strandlina, på det beiaste opp i mot 100 meter
Pr i dag er strekkja delt opp i 65 ulike gards- og bruksnummer, med om lag 55 ulike eigarar. Denne strukturen utfordrar prosjektet i høve til medverknad og juridiske spørsmål, samstundes som det er relativt stor skilnad i ynskje om utbygging og det å ta vare på eigedommane slik dei framstår i dag.
Anbud id:
74947
  • Sted:
    Kvam
  • Registrert:
    Tirsdag 8. Desember 2009